27
Des
11

carpe diem: romjul II

Eg kom til Stranda, litt sånn som Stomperud til jul på Sørum, på uventa vis. Flyturen gjekk fint, landinga likeeins, og orkanen frå natta før hadde stilna heilt ned. Så eg tok flybussen til Moa og fekk skyss derifrå til Magerholm (ferjesambandet over Storfjorden på strekninga Ålesund, Sykkylven, Stranda). Der låg den svære ferja, men det var lite teikn til trafikk. Vanlegvis passerer det 1300 bilar her, dagleg. Derimot låg det ein sjark (eller klegg, som vi seier her) kasta langt inn på land. Så såg eg at ferja var grundig fortøyd og bommen nesten nede, og fekk snart vite at ingen ferjer gjekk på grunn av skadar på ferjekaia på den andre sida (Aursnes).  Alt var uvisst om når det kunne bli i orden.

Surt og kaldt var det òg, og straumlaust, så kaikiosken med venterom var stengd. Det einaste fersjesambandet over fjorden var då frå Liabygda til Stranda, mange mil innover. Ruteopplysinga på mobil sa at det gjekk ein buss inn dit, frå Moa, klokka halv seks, om tre-fire timar. Berre å returnere til Moa og vente, tenkte eg – og min gamle ven, Ingebrigt Austnes som bur på Fiskarstranda eit par mils veg unna, ville kome og hente meg og la i veg. Då kjem det ein bil svingande, og når sjåføren skjønar at han ikkje kjem seg over på Sykkylv-sida, går han bort til pateren og spør om eg skal til Stranda; han skal køyre rundt og kan ta meg med til Liabygda i så fall!

Slik hadde det seg at eg nesten ikkje kom i mål noko seinare enn eg elles ville ha gjort – og fekk dessutan ein lang og triveleg prat om distriktspolitikk og vegutbyggjing på Sunnmøre!  Igjen: Når nauda er størst, er hjelpa nærast. Den hl Christoforos (Kristoffer, vernehelge for reisande) ba for meg, trur eg.

Og vêr har det vore her! Inne i Stordalen, der vi køyrde forbi,  låg det ein anna båt, slengd opp på kaia. Velta og broten skog overalt, og skadde hus. Regn og regn – men lett snø her inne i fjordane i dag. Tungt skylag og oppfrisknade vind. Sikkert hardt på kysten. Skulle gjerne vore heilt ute på øyane i dag og fått blåst av meg litt Majorstua-støv! Kanskje fredag.

Ei uvêrsjul. Men elles alt vel!

Reklame

2 Svar to “carpe diem: romjul II”


  1. 1 solveig
    desember 27, 2011 ved 6:16 pm

    Høyrest ut som ein bra tur trass alt, kanskje på grunn av «trass alt»! Vinden tok godt her i Trondheim også, altfor godt! Mykje skade rundt omkring. Værnes flyplass og ikkje ein stad ute ved kysten målte faktisk sterkaste vindkast natt til 2. juledag i Trøndelag: 1. Værnes 40,3 m/s orkan (kilde: Adressa). Men flott oppleving i seg sjøl, føltes som å vere tilbake på Sunnmørskysten 🙂
    (ikkje lenge sidan eg såg ein mann med St. Kristoffer-medaljong rund halsen, ekspeditøren på motorsykkelbutikken der eg kjøpte mopedhjelm. Passa godt på ein mc-fyr!)

    • desember 27, 2011 ved 10:46 pm

      Kjipt med store skader, sjølsagt, og tragisk når liv, helse og livsgrunnlag blir råka. Men litt storm og uvêr elles, når ingen skade skjer, må eg seie at eg likar. Ekstermvêret no for tida, har nok med menneskeskapte kiimaendringar å gjere. Lurer på når dette alvoret verkeleg går opp for oss.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: