«Det finst berre éin Gud, brør, og han kjenner vi ikkje på nokon annan måte enn ut frå dei heilage Skriftene» .
Ein streng, knapp romersk tone hos denne tidlege presbytaren (presten) i Roma. Både for å oppklare vrangførestillingar hos heretikarane og for å informere tru og forkynning har kyrkja ei hodvudkjelde: Den heilage Skrifta. I oldkyrkjeleg og mellomaldersk forkynning, hos kyrkjefedrene (som St Augustin), i den monastiske teologien (som St Bernhard) og hos skolastikarane (som St Thomas); heile vegen er tekstene gjennomsyra av skriftord og skrifttilvisingar. Det er det store landskapet ein gjennomvandrar, på nytt og på nytt.
Berre ved å ferdast der, blir trua, teologien og forkynninga sunn og heil.
0 Svar to “officium: 23. desember, frå Traktaten mot Noetus» heresi, av den hl Hippolyt, prest i Roma (ca170 -ca 236)”