23
Des
11

officium: 22. desember, frå Utleggjinga av Lukasevangeliet, av den hl Beda venerabilis (673-735) (matutin)

«Då sa Maria: «Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar!'[Magnificat/Marias lovsong]. Med dette seier ho: -Herren har heidra meg med så store ei nådegåve at ingen veit dens like, ord kan ikkje skildra henne…»

Var det ein tekst Beda kjende, var det denne; Maginificat, sungen i vesperen i klosteret, munk som han var, i abbediet i Jarrow, i England. Kvar kveld blir desse heilage orda sungne i alle kloster og alle stader der tidebønene vert sungne, også her i St Dominikus kloster i Oslo. Marias lovsong er heile det gamle Guds-folkets lovsong, Israels lovsong. Maria samlar i seg og i songen sin heile frelseshistoria, ho er eit bilete på Israel og på Kyrkja, ja, ho er vår mor.

I Israels midte står templet, på Sion, det stadige møtepunktet mellom folket og Gud. No er det Maria som er templet, for der tek Gud sjølv bustad i hennar morsliv. Og vi alle som i trua tek mot Ordet og lar det «ta bustad» hjå oss (Joh 1). Vi kjenner oss ofte spreidde, forvirra, usikre. La det fare! Når tanken opnar seg for deg at Gud tek inn hos oss, fyller det heile synsfeltet, tek all plassen, overstrålar og driv ut alle skuggar og alt møkre.

Som Maria er du oppsøkt av Guds nåde. Lat opp!

 

 

 

 


0 Responses to “officium: 22. desember, frå Utleggjinga av Lukasevangeliet, av den hl Beda venerabilis (673-735) (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: