21
Des
11

carpe diem: vintersolkverv

Den kortaste dagen i året, på botnen av kalendaren, no går det oppover igjen. Heldigvis har det vore skyfritt og solljost her i Oslo i dag. Det hjelper. Det tynne filteret av snø som la seg i natt, friskar opp. Neste mildvêr syg det i seg.

Kvar midtvinter, kvar jul, kvart årsskifte er  ein test. Ein ’new deal’. Viss Herren let meg leve og viss han let verda stå ein runde til, veit eg at noko blir annleis. Vita activa og vita contemplativa (Aquinas) høyrer saman. For Aquinas er dette ikkje fyrst og fremst eit ordpar om ulike former for ordensliv; det er antropologiske kategoriar. Dominikansk ordensliv er kontemplativt, seier han, fordi det har eit teologisk formål: Bøn, studium, forkynning – som leier menneske til liv i Gud.  Til kontemplasjon av Gud.

Neste fase av livet vil difor måtte innebere kontemplativ fordjuping. Også i det arbeidet som skal utførast i tale, samtale og skriftleg formidling. Betre forankring og fotfeste i eige liv, tydlegare og klårare medvit om kva som er opgåva og kallet i livet. Noko som ikkje inneber å halde borte det kompliserte, det forvirrande, det uventa, men å stå oppreist, midt i det.

Det som krev krefter og energi, er ikkje alltid mengda med arbeid, særleg ikkje tanke-, tale og skrivearbeid. Det er heller møtet med deg sjølv, fordi du må gå ned til kjeldene i deg, og då ser du kva som ligg i botnen av livet ditt. Der må det vere trygt og ope for at dei skapande evnene skal kunne bli fornya.

For meg er dette særleg knytt til bøna, til skriftemålet, til samtale med vener og til å ha ein ekstern mentor ( i alle fall i periodar) eller terapeut. Den som skal vere åleine med seg sjølv, må våge å sleppe andre inn.

Å opne dette rommet, stadig meir, og leve i det. Det er fokus i 2012. For min del. Så kan sola stige og dagane vekse.

Reklame

0 Svar to “carpe diem: vintersolkverv”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: