10
Des
11

nota bene: skuld og skam

Fyrst publisert i spalte Signert, Klassekampen, laurdag 10/11-11…

Debatten går for tida friskt om den psykiatriske vurderinga av Anders Behring Breivik. Er han så sjuk på sinnet at han er utilrekneleg? Éin ting er at dei to psykiatarane som påstår dette i rapporten sin, får motbør frå fagfolk og samfunnsdebattantar. Like viktig er det at det synest å kollidere med vanleg moral-  og rettskjensle i breie lag av samfunnet, ikkje minst mellom dei som er direkte råka av Breiviks brotsverk.

Viktige og grunnleggjande ord og omgrep er komne opp til den offentlege overflata i denne debatten: Dom, skuld, straff, ansvar, fridom – lista kunne gjerast lang. Umiddelbart framstår det som rimeleg og normalt at eit menneske må ta på seg skuld, ta sin dom og si straff. Vi skjønar til og med at å dispensere eit friskt menneske frå dette, er å gjere det til mindre enn eit menneske. Nesten intuitivt gjer det seg gjeldande eit syn på mennesket som reknar det som meir enn eit determinert dyr, ein animalsk maskin, at det er eit vesen med fridom og moralsk ansvar og at det både kan og skal ta fygjene av sine handlingar. Å vere menneske, er å bli ”tilrekna” alt dette.

Det tankevekkjande er at ord og prinsipp som i den aktuelle situasjonen blir brukte som positive og fundamentale på ein nesten sjølsagd måte, så ofte elles er oppfatta som negative. Særleg når orda inngår i meiningsutveksling om religion og kyrkje. Svært ofte blir kristen – og anna religiøst grunna etikk – avvist som dømande. Synd og skam, forsaking og frykt vil ein heller ikkje høyre tale om. Av kyrkja forventar og forlangar ein at ho skal vere ”positiv”,”open og inkluderande” og stort sett bekrefte oss i at vi er gode nok som vi er. Desse haldningane er noko ein møter både  på grunnplanet i samfunnet og i meir representative og institusjonelle former, i medieredaksjonane og i religions- og kyrkjepolitikken. Den politiske makta over statskyrkja er i høg grad motivert av ynskjet om å oppretthalde ei kyrkje som ikkje er ”fordømande”, korkje i sin tale eller i dei vilkåra ho legg til grunn for medlemskap og tilhøyring. Moralpoliti skal ein ikkje ha noko av.

Bortsett frå, altså, når ein sjøl har behov for å vere det. Noko som syner at korleis ord blir brukte og verdsette, ikkje utan vidare har med nøytrale vurderingar å gjere. Ofte inngår dei i ein historisk samanheng og dynamikk som vi bør vere oss medvitne.  Spørsmål om etikk, livssyn og menneskesyn er i vårt samfunn sterkt knytte til oppgjeret med religion, kristendom og kyrkje. I vår tid råkar dette også islam. Framveksten av moderniteten og mykje av den norske nasjonsbyggjinga har frigjeringa frå institusjonell religion som hovudmotor. Det emansiperte, fristilte einskildindividet er det suverene idealet, eit ideal som har tilkjempa, for ikkje å seie tilrana, seg makt over orda og gjeve dei offentleg valør og truverde i samsvar med sitt eige formål.  Det kjenslemessige og retoriske engasjementet i kampen mot kyrkjeleg dominans er forståeleg så lenge det er rimeleg rasjonelt. Men, ærleg tala: Kor stor makt har kyrkja over folks samvit og tankegang i dag? Kor mange har i det heile møtt dei slemme og fordømande prestane som figurerer i fiendebiletet? Dagens gjennomsnittlege barnedåpar, bryllup, gravferder og julekveldsgudstenester er neppe tyngde av for mykje tale om synd, straff og helvete.  Både kyrkja og hennar kritikarar bør etterkvart sleppe taket i ovetrua på kor dominerande og viktig kristendomen er her til lands. Historia – også orda si historie – har gått vidare.

Det er gjerne når store moralske kriser råkar oss, personleg eller politisk, at vi skjønar vi har bruk for ei meir balansert og nyansert forståing og anvending av ord vi elles trur vi er ferdige med. Det gjev oss alle høve til å tenkje gjennom på nytt kva det vil seie å vere eit ansvarleg menneske og kva slags termar og førestellingar vi treng for å halde dette levande i samfunnet.

 

 


1 Response to “nota bene: skuld og skam”


  1. 1 Herman
    desember 13, 2011 ved 2:59 am

    Egentlig synes jeg debatten om ABB’s tilregnelighet både er helt grei, men samtidig litt avsporet. På den ene siden er det svært viktig å finne frem samfunnsmikroskopet for å se nærmere på en mann som med kaldt blod og flat hånd slaktet 77 – skriver syv og sytti – mennesker. Alene. Og det på en helt forferdelig, vanvittig måte. Han viste ingen skånsel, hverken mot barna, ungdommene eller de voksne. Ødeleggelsene etter bombeeksplosjonen i byen var også bemerkelsesverdig utenfor fatteevne blant alminnelige nordmenn. Det er ikke vanlig å gjøre slikt, enn si normalt. Det er en grusom handling som ikke må gjentas, og som samfunnet for enhver pris må tilse ikke skjer igjen.

    På den andre siden er det fare for å forsnille denne mannen som gjorde dette. De daglige avisoverskriftene får følelsene våre til å sovne. Stadige gjentagelser messes opp og igjen. Opp og igjen. Hva var årsaken? Hvordan var moren, hvordan var faren? Hva slags dataspill likte han? Poenget spres for alle vinder og vi sitter igjen med et forsnillet bilde av en som slaktet ned både barn og unge. Samtidig oppnåes en viktig effekt, befolkningshatet, Hitlers massesuggesjonsprinsipp blir pulverisert.

    Dette er bra. Vi får bearbeidet sorgen uten å messe opp hat. For det bemerkelsesverdige var jo at folket nektet å hate. Vi ville bare glemme ham, viske minnet hans ut. Anders Behring Brevik er oss ikke verdig, vi nekter å styre noen form for raseri mot et slikt vesen. Vi trenger å kjølne temperaturen, men samtidig beholde bevisstheten slik at vi kan lære å styre unna faktorer som skaper slike ugjerninger. Selv bare håper jeg at denne mannen får tid til å innse hva han selv har gjort, for det ser han ikke godt nok, tror jeg. Jeg håper inderlig at han får tid nok til å angre og komme til seg selv. Våkne opp og selv se hva han har gjort mot alle disse andre. Familiene og nasjonen.

    Nei, jeg gir meg. For dette ligger utenfor både min forståelse og min forstand. Jeg takker bare for at vi fikk arrestert gjerningsmannen bak dette massemordet og at vi ikke gikk lenge i uvisse om hvem som sto bak, eller at bare en eller annen diffus terrorgruppe «tok på seg ansvaret». For så å forsvinne ut i tåken.

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: