10
Des
11

discursus: Le Havre

I går var eg på kino. Og såg den finsk-franske filmen «Le Havre». Om den litt bohemaktige skopussaren som bur i dokkane i hamnebyen, saman med kona si. Om korleis ha tilfeldigvis blir kjend med ein afrikansk gut på rømmen (i en kontainar) saman med mange andre, med desitinasjon London der mor hans er.

Mannen tek seg av guten etter at flyktningane blir oppdaga og guten greier å stikke av – og heile grannelaget; kona som sel brød, den vesle konolonialhandlaren, kvinna med puben og kundekrinsen, den aldrande popartisten som held come back-konsert til inntekt for flyktningen så han kan smuglast over Kanalen; alle stiller opp! Det gjer også politiinspektøren, som har ordre om å finne gutfanten og returnere han, men som let alt passere fordi han er meir menneske enn police, jamvel om det går på karrieren laus.

Heller ikkje må vi gløyme hunden, som ein trufast og empatisk vaktar av den vesle familien. Kona må på sjukehus, med ein dødeleg sjukdom, men blir heilt uventa frisk, som ved eit mirakel. Mannen hennar er faktisk innom ei kyrkje og der bed han. Sikkert om det miraklet ingen ville tru kunne skje i ein hamneby i Nord-Frankrike, men som skjer likevel.

Ein svært vakker og god film. Det franske, ettertenksame,  i staden for det hektiske og overtydelege hollywoodske. Berre det var  velgjerande. Men aller mest: Så tydeleg at dette er ein kristen film. Heilt eksplisitt var det tale om Sæleprisingane (Beatitudane) i Matt 5. Menneska  i hamnekvartala, flyktningane, legen, hunden, politiinspektøren – menneske som lever ut Bergpreika, i den varme, opne kjærleiken, rettferdssansen, ømleiken, gleda, humoren. «Dei fattige», i alle tydingar.

Eksplisitt var også det med miraklet. Tydeleg og verkeleg mirakuløst blei den dødssjuke kvinna lækt og frisk.

Men: Eg er sikker på at ingen norske filmkritikarar (eg skal sjekke) korkje oppdaga dette kristne innhaldet eller hadde våga å nemne det dersom dei hadde sett det. Kulturell analfabetisme kombinert med fordomar er ein effektiv stoppar for ei slik «lesing» av filmen.  Tabu og forteiing.

Kva er det med Noreg?


5 Responses to “discursus: Le Havre”


  1. 1 Helge Koch
    desember 10, 2011 ved 10:58 pm

    Du skrive godt, Arnfinn Haram. Du vet å sette tingen på plass og i rett perspektiv, både i denne skrivelsen og i den foregående. Jeg er så enig, så enig. Ja, hva er det med vårt Norge? Jeg skulle ønske du kunne fått anledning til å stikke innom regjeringspalasset og med malmtung røst la disse budskapene runge ut i salen. Ville det hjelpe, mont ro?
    Villfarelsens løgnaktighet og dobbelsidighet sitter nok godt fast. Gamle Adam og verdens ånd er så absolutt til stede. Her må det nok til en Olav Hellige og omvending til Kvitekrist skal steingrunnen rokkes.

  2. 2 Randi
    desember 11, 2011 ved 2:23 pm

    Det gleder meg at min bror i Stavanger begeistres over preikebror Arnfinns meditasjoner.
    Forøvrig har jeg også gledet meg stort over denne filmen, jeg følte meg lykkelig og oppløftet over innholdet og budskapet, så enkelt og rolig fortalt.

  3. 3 Solveig
    desember 11, 2011 ved 5:32 pm

    Enig med deg Randi, det gir håp at filmer som denne settes opp på vanlige kinoer, og at mange går og ser! Som denne og Le Quattro Volte fra i fjor, helt uten dialog, og også med en hund i en fantastisk rolle! 🙂 og sjølsagt Om Guder og mennesker. Disse filmene er jo fargerike åpninger i det som ellers er grått i grått

    Takk brA for fin filmkritikk!

  4. 4 Geir Henriksen
    desember 15, 2011 ved 1:14 pm

    Takk for innsiktsfull kommentar, Arnfinn. Etter som eg minnest frå tida mi i nettopp Le Havre, ved sjømannskyrkja som låg der, heitte byen tidlegare «Le Havre de Grace» – omsett alså «Nådens Hamn». I min tanke gir dette ein ytterlegare djupne til filmen.

    • desember 15, 2011 ved 6:46 pm

      Takk! Det er noko fascinerande med hamner – fordi dei har så sterk symbolverdi. Navigare necesse est /det er viktig å sigle – og å kome i hamn.

      Elles kom eg over ei melding av filmen som er tekm opp noko av det eg var inne på i mi minimeldiing:

      «Alternately lighthearted and spiritually grounded, Kaurismaki’s distinctive sensibility spins what could have been a grittily realist polemic into a fanciful fable, all the more affecting for being so tethered to the urgencies of the real world.

      With its ragtag cast of cinematic archetypes (), «Le Havre» is propelled by equal parts theology and whimsy. It’s a treacherous combination that in Kaurismaki’s capable hands results in one of the finest films of the year…[…]’Le Have is a playful parable that conveys profound truths about compassion, humility and sacrifice». »

      (The Washington Post; Ann Hornaday, 4 stjerner. Fred 9/12, 11)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: