«Ved å gje oss Sonen, som er hans Ord, har han ikkje fleire ord å koma med. Alt har han sagt oss èin gong for alle i dette eine Ordet».
Advent er den profetiske tida. Forventing og lovnader om Messias, slik han kom i historia, slik han skal kome når historia tar slutt. Johannes meiner ikkje at Gud ikkje talar til oss lenger. Han talar stadig, i forkynninga, i dei profetiske gåvene, i det kyrkjelege lære- og hyrdeembetet (magisteriet). Men all Guds tale er no utleggjingar og aktualiseringar av alt han har sagt i Ordet, i Kristus, i den apostoliske overleveringa.
Også no leier Gud livet vårt og livet til kyrkja gjennom å tale til oss. Men målestokken er gitt, for all ettertid.
0 Responses to “officium: måndag, 2. vike i advent, frå «oppstiginga til Karmel-berget», av den hl Johannes av krossen (matutin)”