03
Des
11

officium: fredag, 1. vike i advent, frå «proslogion» av den hl anselm av canterbury (1033-1109) (matutin)

«Eg søkjer deg medan eg lengtar, og lengtar etter deg medan eg søkjer».

Anselm famlar og går på på same tid. Han søkjer Gud med all si kraft og sin lengt – ein Gud  han ikkje har sett, ein Gud han ikkje finn, og ikkje veit kvar hans skal søkje. Han veit berre at han må halde fram å søkje: «Eg brenn etter å finna deg, men eg veit ikkje kvar du er. Herre, du er min Gud, du er min Herre, men eg har aldri sett deg».

Anselm er ein truande, han er ikkje ein moderne agnostikar. Han trur på Guds nærvere i skaparverket, i kyrkja, i Ordet, i dei sakramentale teikna. Men i den kontemplative bøna utforskar han den tydlege røynsla av Gud. Han tek sin frustrasjon heilt ut, ikkje som distansert tvil, men som insisterande tru. Han pressar seg inn på den usynlege, tøyer seg over grensa for det mennesket kan gripe.

Stundom gjev Gud oss eit møte med seg som kan merkast; som ein uventa nåde. Uventa, sjølv om vi nettopp ventar så intenst, fordi Gud rører ved oss frå ein annan kant, på ein annan måte enn vi ventar. Det er dette som er den mystiske dimensjonen som alle truande og søkjande er kalla til å ta del i.

Men det startar med tomromet, og med den lengten som fyller det og som alt er ein glimt av Gud. » I kjærleik strekkjer eg meg mot deg for å kunne elska deg når eg finn deg», seier Anselm.  Eller  Herren sjølv:

«Sæle dei som ikkje ser, men endå trur» (joh 20,29).


3 Responses to “officium: fredag, 1. vike i advent, frå «proslogion» av den hl anselm av canterbury (1033-1109) (matutin)”


  1. 1 MT
    desember 3, 2011 ved 9:50 am

    Så nydelig å lese,Takk.

    Marieklem

  2. 2 Anne Marit
    desember 3, 2011 ved 1:53 pm

    Ja, sanneleg: Gud kjem til oss uventa, frå ein annan kant… Men når vi likevel oppfattar at det er Han, så er det kanskje nettopp knytt til lengselen vår… Ved frukosten i dag las eg i Wilfrid Stinissen si andaktsbok «I dag är Guds dag», som eg ofte brukar. Han skriv: «För att kunna ta emot något verkligt värdefullt behöver du förbereda dig. Din längtan är din förberedelse. Längtan gräver ut nya djup i din kapacitet att ta emot…»

  3. 3 Ann Kristin Hanssen
    desember 3, 2011 ved 5:43 pm

    Takk!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: