Arkiv for november 2011



09
Nov
11

discursus: san Giovanni in Laterano, eller: det universelle og det sekteriske

I dag har den katolske kyrkja feira årsfesten for Romas katedral, San Giovanni in Laterano; St Johannes i Lateranet. Basilikaen blei gjeven av keisat Konstantin i 324 og visgla både til Johannes evangelist og Johannes baptist (døypar).

I motsetnad til det mange trur, er det ikkje Peterskyrkja i Vatikanet som er Romas katedral, men nettopp Johanneskyrkja i Lateranet. Ein katedral er ei kyrkje med ein ’katedra’ (kateter), ein bispestol. Eigentleg posisjonen til ein som lærer med autoritet. I antikken er det den sitjande stillinga som er den lærande, jfr Jesus som set seg når han held Bergpreika. Difor snakkar vi stadig også om ein ”lærestol” i akademia, og sjølv det enklaste ’kateter’ i eit klasserom er eigentleg ikkje bordet, men stolen bak. Ei aldri så flott kyrkje er ikkje ein ’katedral’ om ho ikkje har ein bispestol/er eit bispesete – medan den enklaste kyrkje er katedral dersom ho er biskopens kyrkje og sete.

I alle fall: Romas biskop, paven, budde i Lateranet og flytta ikkje til Vatikanet før i Renessansen. Og stadig er altså hans domkyrkje, hans katedral, St Johannes i Lateranet. Der står ”Den apostoliske stol”. Der «sit» paven når han gjev verkeleg autoritative utsegner; ex cathedra.

Roma har alltid ført eit forsete i den universelle kyrkja; skismaet med dei ortodokse/orientalske kyrkjene går ikkje på det, men på korleis den romerske biskopens, pavens, primat skal forståast,. Eg både vonar og trur at dette viktige ekumeniske spørsmålet kan finne si løysing snart. Roma er både den gamle imperiehovudstaden, og byen til apostelfyrstane, Peter og Paulus’. Roma har vore senteret i den siviliasjonen som kyrkja blei fødd inn i og som ho i så høg grad har forma. Ei universell kyrkje utan eit senter, blir lett oppslitta og nedbroten. Nyleg høyrde eg faktisk eit innlegg av den kjende evangelikale intellektuelle, kristenleiaren Os Guinnes, her i Oslo – og han understreka m a at kristendomen og kyrkja alltid har nådd ut og teke vare på si tru og sin misjon fordi ho har skjøna kor viktig det er med eit senter. Utan det, vil lokale-, najonale- og andre særinteresser og pressmekanismar lett bryte kyrkja ned. I dagens evangelikale kyrkjesamfunn ser vi korleis sekteriske rørsler som ”The Christian Right” (det kristne høgre) i USA omformar kyrkja, og hennar misjon blir ein nasjonalistisk og populistisk ideologi. Einsidig populisme, med leiarar som berre er ”hovdingar” for sine grupperingar, kan føre sikkeleg gale avgarde. Antiintellektualisme og antielitisme på villspor fører til forenkling, fordumming og fordomar.

I dagens kristne verd ser vi at desse amerikanske tendensane slår inn også her til lands. Den tradisjonelle lekmannskristendomen (bedehuset) misser sin luthersk-pietistiske eigenart og blir meir og meir prega av politisk konservatisme og nasjonalisme, para med ei einsidig og overoppheta  fokusering på staten Israel. I staden for ei tydeleg tilhøyring til den historiske kristendomen, får vi ein ekstrem kristen sionisme der tradisjonell treeiningstru, kristologi og botsforkynning kjem på sidelina.  På mange måtar er det ein panikkreaksjon på nedgang og manglande oppslutning om vanleg kristen evangelisering og trusliv slik vi kjenner det frå kyrkje og bedehus tidlegare. I USA er heile ”det kristne høgre”  blitt sterkt prega nettopp av frykt, hat og forsnevring.

Alarmen bør no gå i kristen- Noreg, meiner eg.

06
Nov
11

carpe diem: vidare…

… til Molde og Ålesund går det i dag. I morgon e m retur til Oslo, med toget frå Åndalsnes. No lettar regnskodda som kom inn over Romsdalsbygdene i går kveld. Langt ned i fjellisdene og tretoppane hang ho dag morgon, som ei påminning om «tåredalen», og om skapningens «sukk» (Rom 8), gråt og lengt. – S0m har si tid. For no skin han av! I går gjekk eg ein lang tur langs skogsvegane, inn i dalbotnen – dalen er flat, med myrar og moar – og ut att på den andre sida, ned til granda og gardane. Ein verkeleg meditasjonsveg.  Det store fjellet. Skåla, som dominerer dalen, er ikkje spesielt høgt (vel 1000 moh), ikkje spesielt flott eller med svung som Slogen. Det er trygt og famnande. Held verda her saman. Eit bilete på Gud, skaparen og oppretthaldaren. Eg trur at naturen er «full av Guds herlegdom», «full av hans miskunn», full av teikn og analogiar på Gud. Slik Skåla er, slik er også Gud. Slik også.

Takk for dagane her.

06
Nov
11

discursus: retrett (retreat), salmane som bøneskule IV

Stikkordmanus….

Sundag

Mennesket – i tillit, klage/krise og ny tillit

Utlufting av bøna i lovsongen, ja – og i klaga.

Klaga pregar salmane sterkt. Klaga, påkallinga, ropet… NB Å klage er ikkje å syte, å degge for sine vanskar, det er å få nauda UT, å reklamere, krevje sin rett.

Det bedande mennesket – Guds menneske – veit at det står på ein stø grunnvoll. I sjøle verdsordninga som Gud er garantist for ved sitt kongevelde og si skaparmakt. Basic confidence. Objektiv tillit:

Sal 1 (les)  Velsigning over Guds menneske, det truande, den vise, den rettferdige.

Sal 24 (les) Den kosmiske ordninga, basert på Guds kongevelde, på rettferda.

Sal 15 (les) Slik er regelen!

Sal 119 (les) Gud leier sin trugne på den gode vegen, lova og ordet sin veg.

Denne tilliten blir testa, sett på prøve, kasta ut i krise, Jfr Job. Guds menneske er det ’testa’ menneske. Jesus blir freista i ørkenen – i sjølve sitt grunntilhøve til Faderen (Matt 11). > Og i Getsemane og på Golgata! Då er vi i sjølve portalen til klaga, Messias-klaga:

Sal 22 (les)

Sal 10 (les) Kontrasten mellom korleis det går den vonde og den gode; set den basale tilliten på prøve.

Jfr Sal 13, 1-4 (les);  Sal 39 (les);  Sal 55,1-9 (les); Sal 69 (les) jfr Sal  42 (avgrunn ropar til avgrunn).

Sal 60 (les) Her har Gud svike sitt eige folk. Folkets klage. jfgr Sal 74 (les)

Alle salmane med klage over seg sjølv: Sal 51 (les); Sal 38 (les)

Gjennom krisa kjem ny tillit. No gjeld det ikkje berre som ein objektiv regel, men som ei subjektiv visse; trass det som synest. Det sit djupare enn empirien.

Nokre døme:

Sal 73 (les); sal 23; Sal 30 (les); Sal 40 (les); Sal 62 (les);  Sal 116 (les)

Ut av dette flyt også lovsongen og tilbedinga, med fornya styrke. ”Du vende mi sorg og mi klage til dans”. ”Du la ein ny song i min munn”. Du sette mine føter på fjell”…. Typiske salme-ord om dette.

>> Salmane fører oss gjennom det allmenne, gjennom ”regelen”, til det partikulære, til oss/meg. Vi skal erfare at Gud elskar ikkje ”alle”, under eit, generelt, men ”kvar i sær”!  At han har ein veg med meg. Eg lever i ein prosess, ein pedagogikk, ein vekst. Bøna er sjølve laboratoriet for desse ”eksperimenta” dvs: utprøvingane, erfaringane. Der blir livet ditt operativt. Gjennom bøna kjem du vidare. Du blir malen i Guds kvern, Guds «prosessor».  Gud skiplar/destabiliserer – og re-stabiliserer; med betre foteste enn du hadde før. Og då får du:

Basic basic confidence…

05
Nov
11

discursus: retrett (retreat): salmane som bøneskule III

Stikkordmanus. For å ha utbytte av manuset, bør ein slå opp og lese bibeltekstene…

Laurdag I

Mennesket – i skaparverket

Å be er djupt personleg – å stå andlet til andlet med Gud. Men det er også ei fellesskapshandling. Både slik at fellesskapen har eit kall til å be saman, og at den personlege bøna avheng av fellesskapen. Isolert bøn forsnevrar seg og turkar bort, blir sjuk.

Fellesskapen er Gudsfolket. Kyrkja. Men ikkje berre det; heile skaparverket er kalla til utveksling, til samtale, med Gud, Skaparen sin. Igjen: ”Alt i hans tempel ropar: ’Ære!’ (29,9).

Salmane er fulle av dette. Nokre døme:

Dei tre mennenes lovsong (Dan 3, 57ff) (les). > Skaparverket som eit hierarki: Kjerubar/serafar/englar/ dei sæle åndene, naturen, elementa, dyra og fuglane, menneska, Israel/kyrkja…. (jfr Sal 103, 19ff)

Sal 104 (les) Mennesket i skaperverket. NB v 27 (Les) > Skaparverket er opna mot Gud, tek mot sitt liv frå han. Bøn er nettopp det: Å vere vend mot Gud, opna, avhengig. NB v 21: Løvebrølet som ’bordvers’ J; jfr Sal 145, 15.

Sal 33,4ff Kontakten med Gud gjennom det skapte: ”all jorda er full av hans miskunn” v 5, jfr Jes 6: ”All jorda er full av hans herlegdom”. Skapningen som ei bru/ein veg/ein kanal/ til Gud.

Jfr Rom 8, 19f: ”Alt som er skapt, lengtar og  stundar etter at Guds brn skal openberrast i herlegdom… all skapningen sukkar og lid som i føderier alt til denne dag”. Bøna/sukket i skapningen. Sukket – den djupe bøna jfr Jesu sukk då lækte den dauvstumme; ”han såg opp mot himelen, sukka og sa til han: ’Effata!’ (lat deg opp) (Mark 7, 34).

>> Vi skal fylgje den ”bylgja” (”ta bølgen”) som er i skaparverket mot Gud. Alt tenderer mot Gud. Alt går ut frå han og vender tilbake til han (prosessio/resessio); grunndynamikken i alt som er. Vi har lett for å gløyme begge deler.  Som om Gud skulle erobre/valdta noko framandt. Eller som om det skapte skulle bli verande i seg sjølv; vi vil ta i mot, men ikkje gje tilbake. ”Av ditt eige gjev vi deg attende” (jfr Den gdl liturgien). Takka/evkaristien er nettopp det som let oss oppleve alt som gåve! Den evkaristiske løyndomen.

Dette må ligge under i bøna, som ein grunntone. Bøna er vårt rette element. Gud er det rette element for alt som er.

 

05
Nov
11

discursus: retrett (retreat): salmane som bøneskule II

Stikkordmanus…

Fredag II

Gud – den nære

Der er ein slags ’dialektikk’, spenning, i Gud og Guds måte å openberre seg og handle på. Men vi skal ikkje oppfatte det unødig som motsetnader. Guds velde er ikkje hans blinde despoti, hans uhemma raseri – som så blir mildna i kjærleik, i «ein svak augneblink», liksom.  Gud er splitta. Hans velde er også uttrykk for hans kjærleik, har vi sett. Hans indignasjon over urett er heng saman med hans brennhug for retten, hans lengt etter miskunn, etter nærleik, etter oss!

Guds venskap – at han ’vil’ oss. Ein aktiv kjærleik; ikkje berre at han har ’slutta å straffe meg’, som ein sint far som legg bort pisken etter å ha dengt son sin nok.

Sal 8 (Les) Gud og menneske høyrer saman, i utøvinga av herrevelde. Fordi mennesket er Guds bilete. Vi er på ”nivå” med han, hans vener og medarbeidarar.

Sal  23 (lers) Nærleiken mellom sauen/lammet og gjetaren. Tillit, ømleik, vern…

Sal 103 (les) Alt mitt liv er i Gud. NB v 14: Guds ’detaljkjennskap’ til oss/meg.  NB v 15: Det forgjengelege/veike mennesket blir ’halde saman’ av/i Gud. Han er ’konsistensen’ i livet vårt; kropp og sjel.

Sal 139 (les) Heile mitt livs løyndom/mysterium er i Gud. Han kjenner meg, mitt livs djup er knytt til djupet i Gud. Det uransakelege i livet. Guds og menneskets mysterium skal fullbyrdast i æva, vi er på veg mot det: v 23-24. Kor lett oppfattar vi ikkje berre Gud som ein ”framand” for mennesket. Men han er Menneskevenen/Den menneskekjære, jfr orientalske liturgiar, td officiet frå Katharinaklosteret i Sinai:

Gjev meg, du Menneskeven, å tilbringe resten av natta i fred,

akt meg verdig til å nå heilt fram til daggryet.

Sal 131 (les) Kanskje det vakraste uttruykket for Guds intimitet med oss. Som ei mor. Som eit barn ved mors bryst. Kroppsnærleiken. Den fullstendige tilfredsstillinga av lengten (eros), den fullstendige, sjølvsagde, umedviten tryggleiken. Mor og barn som éin figur. Jfr Maria med barnet. Mor og barn er eitt. Difor kan vi ikkje skilje Jesus frå Maria. Eller Maria frå Jesus.

05
Nov
11

officium: laurdag, 31. vike i det allmenne året, 1 makk 9,1-22 (matutin)

«Judas fall også, og resten rømde»

Ingen happy ending her, altså. Endå Judas (Makkabeus) hadde vist stort vågemot og sett si von til Gud, med sin vesle hærstyrke, med hellenarhærens overveldande overtak mot seg. Vi ville ha venta ein from konklusjon; at Gud let dei få sigre over dei mange.

Men ikkje denne gongen. Her skulle dert synast at mot også er å ta eit verkeleg nederlag når det er uunngåeleg.  Judas omkom. Slaget var tapt. Nettopp slik synte han at han la alt i Guds hand. Også nederlaget.

Slik sigra han.

04
Nov
11

discursus: Retrett (retreat): salmane som bøneskule I

For dei som vil fylgje med på noko av retretten (retreaten) her på Åkerlehaugen, legg eg ut stikkordmanus (obs) for retrettføredraga. Temaet for retretten er: «Dei bibelske Salmane som bøneskule»…

Fredag I

Gud – den opphøgde

Salmane – ei omfattande bok; teologisk og åndeleg. ’Kompakt-bibel’. Aksen i klosterlivet. Ei bruksbok: Tidebønene (og messa, også). Både for tru/teologi og forkynning – og bøn – er heilskap og fylde viktig. Heile Guds råd. Hushald. Kosthald. Økonomi. Forsnevring fører til skeivutvikling og skader.

”Heile Gud”. Vi forenklar gudsbiletet. For streng/for ”snill”. Vi pendlar mellom ytterpunkta.

Gud – den opphøgde:

Sal 18, 1- 19 (les)  Guds makt som skapar og frelsar høyrer saman. Han har makt til å ta seg av sine vener, sine trugne.  Jfr Jes 45,18-25

Sal 29 (les) – Guds ære, hans herlegdom blir anerkjent av skaparverket; både den usynlege verda (”Guds søner”-englane) og den synlege (havet, sedrane…): «Alt i hans tempel ropar: «Ære!» «.

Sal 66, 1-6; 8-9 (les)Hans makt – til å frelse, til å halde oss/meg og deg oppe. > Det personlege. jfr Sal 113,5f

Sal 68,5-7 (les) Guds makt > vern for retten og for den fattige og verjelause. jfr Sal 76,8-11 (les)

Sal 89, 10-17 (les)  Guds makt, som garantist for kosmos, for velde over kaoskreftene, for meining og glede i skaparverket/ verdsordninga. jfr Sal 93.

Gudsfolket som målber dette – og som dermed er med å halde det oppe! Lovprisinga. I klosteret startar vi kvar dag med påminning/anamnese av dette: Sal 95

Elles: Sal 145 > Hallel-salmane (særleg knytte til tidebøna Laudes ).

>> Erkjenninga av Guds velde, noko positivt: Rett, orden, frelse, vern. Ikkje den sure sjefsinspektøren. Den negative sida ligg i det å utfodre og oversjå Gud som sjølve grunnvollen for det gode. Lovsongen og tilbedinga er hovudsaka. ”Domaren” – ikkje den trugande autoriteten, men oppretthaldaren av rett og fred.

04
Nov
11

officium: fredag, 31. vike i det allmenne året, 2 makkabearbok 12,32-45

«Difor ordna han med dette sonofferet for dei døde, så dei kunne bli løyste frå si syndeskuld».

Judas Makkabeus let det framberast offer for landsmenn som var falne i striden. Eit teikn på at han trudde på oppstoda og på eit liv etter døden. Difor var det òg meiningsfullt å be for dei døde, så dei kunne nå heilt fram til «den herlege løna som ventar dei som døyr i trua på Gud».

Kyrkja har frå sine fyrste tider ført dette vidare. Det heilage samfunnet sprengjer dødens grenser. Vi ber for kvarandre, heilt til vi er i mål. Offentleg bed kyrkja for dei avdøde både i tidebønene (officiet for dei døde, og i det heile med botssalmane i Bibelen) og i messa, særleg i Requiem-messa, slik vi nyleg blei  minte om det på Allesjelers dag: «Evig fred og kvile, gjev åt dei, å Herre! Og lat det evige ljoset skina for dei!».

03
Nov
11

carpe diem: dette er dagen…

…som Herren har gjort! Denne også. Ein overnaturleg vakker haustdag her i Solemdalen (innanfor Molde, i gamle Bolsøy kommune), på Åkerlehaugen. Eigentleg heiter garden/grenda Tollås, men pga utskiftinga i det gamle tunet, blei husa flytte hit til denne haugen like ved. Jorda er bortleigd, men husa er  vakkert haldne, heile gardstunet, med løe, stabbur og ei skikkeleg Romsdals-lån. I ytterkanten av den vakre hagen er det reist eit lite kapell i kvit mur, fint innpassa på garden.

Frå haugen er det vid utsyn utover dalen – som her oppe er ein brei skogdal, mest furu, med den ruvande toppen Skåla tronande over det heile.  Innover skogmoane er det også nydyrka, vide flater av grøn eng, litt falmande mot hausten. Heile dagen har det vore stave stilt, klår himmel, låg, varmande sol. Som eit mjukt teppe av fred. Eg gjekk ein lang tur innover skogsvegane, hadde ein retrettdag for meg sjølv. Ein del førbuingar til det eg skal tale om desse dagane, måtte også gjerast. Klar no. Fokus.

No har retretten teke til, dei andre åtte -ti (det er fullt hus her) deltakarane er kom i kveld. Vi har bedt kveldsbøn i kapellet. Strengt stille no. Litt ute av tunet, ned forbi låven, er det heilt mørkt; eg stod der nettopp ei stund under stjernekuplen i novemberkvelden.  Går snart til ro.

02
Nov
11

homiletica: Helgemesse/allehelgen, 1. nov., st dominikus krk. matt 5, 1-12

Kjære brør og systre!

Fins det ord som lyser sterkare enn Jesu ord i Bergpreika, i Beatitudane, ”sæleprisingane”? Ord som lyser av det guddomlege – og samtidg av det sant menneskelege? Betatitudane/bergpreika handlar om vårt kall som kristne, som disiplar, som helgnar. Ja, for vi er alle kalla til å vere helgnar, vi tilhøyrer ”dei heilage” – slik apostelen Paulus ofte tiltalar adressatane for breva sine, vel vitande om dei var syndarar og skrøpelege. Ved dåpen og ferminga, fornya i kvart skriftemål og ved kvar evkaristi, får vi del i Kristus,  han som er blitt vår visdom fra Gud, vår rettferdighet, helliggjørelse og forløsning (1 Kor 1,3), som den hl Paulus seier det. I Kristus er vi heilage, og vårt kall og vår livsoppgåve er å bli det vi er; bli heilage, i praksis. Bli helgnar.

Å bli helgen, det er ikkje å bli eit slags glinsande superstjerne. Det handlar om å vekse og utvikle seg som menneske – gjennom kriser og nye startar, gjennom å la seg utfordre, gjennom å lære seg sjølv å kjenne, sine krefter, sine resursar, sine veikskapar, ja, sine synder.  Og det let seg ikkje gjere anna enn i møte med andre menneske; støtta og korrigert av alle dei ein har med å gjere, ikkje minst av nære vener. Og av sin skriftefar. Vi pendlar så lett mellom strålande ideal – og desillusjonert tilpassing. Vi vil helst finne eitt nivå å forbli på; kan det ikkje bli helgenens, ja, så får det bli det motsette. Vi blir der vi er.

Og så tenkjer mange: Livet er for kort til å vere i stadig utvikling. Når alderen melder seg, er det mange som parkerer og stagnerer, dei har funne si form, bygt si borg, alt går på skinner. Vi har jo berre dette livet, seier dei. Men Allehelgens-dagens bodskap er jo nettopp at målet er lenger framme. Livet her er startgropa, preludiet, overtyren, novisiatet –kva ord du vil bruke. Du skal dra frå dette livet mest mogeleg disponert for å møte Gud, slik at alt det nåden har utført i deg her, kan utfaldast og bløme der! Difor skal vi ikkje gje opp, difor skal vi aldri tenkje at no er det ingen vits, no glir eg makeleg fram i støa. Nei, Gud gjer deg ung igjen som ørna, dersom du tek eit grep i dag! I dag er ikkje ein av dei siste dagane så langt i livet ditt, men ein av dei fyrste i det evige livet. Og det livet du har lagt bak deg, det vil også få eit anna preg dersom du er ein av dei som ser framover, som ikkje stagnerer.

«De første kristnes Kirke  venter på oss… de hellige lengter etter oss, de rettferdige ser håpefullt etter oss” seier den hl Berhard (av Clairvaux) i si preike på denne dagen. Lat oss difor stå på, med blikket festa på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus (Hebr)!Difor seier eg – ikkje berre om dei heilage som alt er i Guds fulle nærleik, men om alle som held ut, som fell og reiser seg, som står løpet ut:
For alle helgner som til døden tro/sto fast i striden og har nådd sin ro/Vær evig lovet, Kristi, ditt navn og blod! Alleluja!

02
Nov
11

carpe diem: Helgemesse/allehelgen, allesjeler, muslimsk studentlag, på veg…

..til Åkerlehaugen retreatgard, i Solemdalen ved Molde. No er eg på toget mot Dombås og Åndalsnes. Den tjukke låglandskodda over Oslo og Romerike letta etter Hamar; no er det vakker, vakker haust oppetter dalen. Som vanleg, er togreisa i seg sjøl ein retrett. Ei av-kobling. Eg les, jobbar (= skriv og bed) – og let skinnene og toget ta meg vidare. Skal vere framme på Åkerlehaugen i tre-tida. Meir…

I går var det Helgemesse (Allehelgensdag). I nokre år  hadde den katolske kyrkja i Noreg den same praksisen som i «Den norske kyrkja», at høgtida var lagd til næraste sundag. Både fordi biskop Bernt ynskjer det og fordi vi er eit kloster, har vi no gått tilbake til feire dei «rette» dagane . Så i går kveld var det høgmesse i St Dominikus. Eg legg ut preika/homilien her på bloggen. Helgemesse er feiringa av avalle dei ukjende (men like heilage) helgnane gjennom historia, feira med «éi høgtid», som det heiter i liturgien. Dei er våre forbedarar og førebilete. Våre vener hos Gud, i hans himmelske næleik.

«Alle sjelers dag» er i dag. Då bed kyrkja for alle døde, om evig fred og kvile, i ei felles requiem-messe. Med introitusverset: «Requiem æternam dona eis, Domine/et lux perpetua luce at illis» (Evig fred og kvile gjev dei, Herre/og lat det evige ljoset skina for dei».

Etter messa i går dro eg rett til eit auditorium på SV-fakultetet på Blindern, UiO, invitert av det muslimske studentlaget. Dei har ein «kafé» med gjester og debatt. Eg var der saman med ei imam, og det blei ein svært fint samtale, med mange spørsmål frå studentane. Om Gud og gudstru i eit sekularisert samfunn og eit sekularisert universitet. Inga undring hos meg over at vi som kristne og  muslimar står saman i møte dette samfunnet, teologisk, apologetisk. Ei veldig oppegåande forsamling, syns eg. Lovar godt.




kategoriar