«Dette er ord som kjem frå ei sjel som i smerte har lengta etter at Messias skulle kome, og som etter at den etterlengta har vis seg, blir så jublande glad at ho skundar seg å la andre få del i gledesbodskapen»
Orda det her er sikta til, er Andreas» ord til bror sin, Simon Peter: «Vi har funne Messias!»( Joh 1,41). Endeleg. Ingen kan forkynne med glede og overtyding som ikkje har kjent forventing og lengt i sitt eige liv. Dei fyrste apostlane tilhøyrde nok dei i Israel som venta på Messias, som gamle Simeon og Anna Fanuelsdotter i templet, som alle «dei stille i landet», dei fattige. Israels rest som den messianske renningen skulle skyte opp av.
Forventinga var ikkje berre historisk og teologisk, men òg personleg. Difor er forventinga alltid morslivet for forkynninga: «Eg har funne…!» Noko i livet mitt har falle på plass, har funne sitt mål og si meining. Apostelen Andreas -«han som vart kalla fyrst», slik dei ortodokse kristne plar omtale han – er den som fyrst set ord på sjølve det apostoliske kallet, det apostoliske vitnemålet: «Vi har funne…!. Og som tek bror sin, og alle han møter, med seg til Jesus.
Til lukke med namnedagen og heilage Andreas!
Takk det same! Vi må lage eit laug! 🙂