24
Nov
11

officium: onsdag, 34. vike i det allmenne året, 2 pet 2,1-9

«Men det fanst òg vranglærarar i folket…» (v 1)

Peter skriv dette brevet for å åtvare mot moralsk forfall mellom dei truande. Vranglæra er ikkje noko som berre har med det reint teoretiske å gjere. Det er sjølve livet det gjeld.Ei overflatisk tilslutning til trua og til kyrkja utan tanke på at det medførte eit oppbrot frå dei heidenske omgjevandane, synest å ha vore eit trugsmål den fyrste kristne tida. Esoteriske kultar og apparte religiøse variantar var det mange av.

Det særeigne for kyrkja var at ho førte kallet til eit heilagt liv utover Israels grenser, ut til folkeslaga. Tydelegvis fast det innslag av folk som tenkte at dei kunne prøve det nye religiøse «tilbodet» og samtidig halde fram den heidenske livsstilen.

Då må apostelen setje foten ned.


2 Responses to “officium: onsdag, 34. vike i det allmenne året, 2 pet 2,1-9”


  1. 1 Solveig
    november 24, 2011 ved 12:21 pm

    Til og begynne med, i møtet med «jeg har syndet meget i tanker og ord, gjerninger og forsømmelser, ved min skyld. ..» i starten av messen, tenkte jeg at det fikk jo være måte på å trykke dette inn i oss. Men så er det vel mysteriet at vi er slik men også har kimen til det hellige i oss, som er «essensen» vår.

    • november 25, 2011 ved 8:08 am

      Ja, du har rett i at menneskets «essens» – mennesket «pr definisjon», slik det er skapt – er godt, fordi det er skapt av Gud, jamvel i hans bilete («imago dei»). Synda er ein korrupsjon av mennesket. At kyrkja innleier messa med ein botsritus (syndsvedkjenninga), seier noko om menneskets ansvar og fridom – og stadfester difor vårt verd. Vi må også hugse at messa held fram og er ein einskap; syndsvedkjenninga er berre «fyrste akt». Målet er kommunionen/nattverdmåltidet og velsigninga- som er fellesskapen og einskapen mellom Gud og menneske, forsona i Kristus.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: