18
Nov
11

officium: fredag, 33. vike i det allmenne året, sak 12,9-12, 13,1-9 (matutin)

«Men over Davids hus og Jerusalems-buane renner eg ut ei nåde- og bøneånd. Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge, og syrgja over han..» (12,10)

Dette er eit av dei store orda i Bibelen. I den kristne tradisjonen er det ein profeti om Jesus Messias, han som vart opplyft på krosstreet – og som folket fyrst «såg » då Peter forkynte han på pinsedagen i Jerusalem. Då hende det at  nåde- og bøneånda vart utrend over byen.

Sorga det her er tale om, er ikkje den destruktive og vonlause. Det er erkjenninga av vår eiga naud, vår eigen trong etter å motta tilgjevning og hjelp frå Gud, at heile vårt liv er radikalt avhengig av han, for tida og for æva. Det er sorg med kraft i, ei sorg som gjer at vi går ut av oss sjølve og vender heile vår merksemd mot Guds Messias og Guds miskunn.

Det blir korkje verkeleg bøn eller tru utan at denne ånda renn inn i livet vårt og inn i kyrkja sitt liv.


0 Responses to “officium: fredag, 33. vike i det allmenne året, sak 12,9-12, 13,1-9 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: