16
Nov
11

officium: onsdag, 33. vike i det allmenne året, Sakarja 10 (matutin)

«Sår eg dei ut mellom folka, skal dei minnast meg langt borte» (v 9)

Israel blei eit folk i eksil, i diaspora, gjennom århundra. Som kyrkje er vi i eksil i denne verda, borgarar av eit himmelsk fedreland, pilgrimar på veg heim, i verda, men ikkje av verda.

I si gudtenestefeiring i heimen,  og i synagogane som etterkvart vaks fram, minnest folket Israels Gud og tok vare på sin eigenart og sin truskap mot han. Vi tenkjer ofte på at Gud skal hugse på oss, men faktisk er det vårt kall, ja, vår misjon, å minnast HERREN over heile verda.

Vi kunngjer hans namn og hans ord gjennom våre ord og vårt liv, og ikkje minst i feiringa av messa der vi høgtidleg feirar «minnet om»  Jesus på ein måte som gjer hans ord, hans liv, hans namn og hans store gjerningar offensivt nærverande i verda.

Så lenge kyrkja «gjer dette til minne om» han, greier ikkje verda å fortrenge kunnskapen om Gud.


0 Responses to “officium: onsdag, 33. vike i det allmenne året, Sakarja 10 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: