14
Nov
11

officium: måndag, 33. vike i det allmenne året, joel 3, 6-26 (matutin)

«Den veike skal seia: «Eg er ei kjempe» » (v 16)

Kvifor? Gud brukar alle våre resursar, men det er når vi er heilt avhengige av han, med alle våre veikskapar og motsetningar, at han verkeleg brukar oss. Paulus seier at han vil rose seg av sin veikskap; likevel vågar han å seie: – Når eg er veik, då er eg nettopp sterk. Vi skal ikkje syte og gjere oss stakkarslege.

Når vi ærleg innrømmer vår redsle og vår veikskap og gjev oss Gud i vald, skal vi vere dristige, la det stå til, og seie: «Eg er ei kjempe!»

Prøv det.


3 Responses to “officium: måndag, 33. vike i det allmenne året, joel 3, 6-26 (matutin)”


  1. 1 MT
    november 15, 2011 ved 6:08 am

    Takk,

    Ha ein god dag.
    Marieklem

  2. 2 Rob
    november 17, 2011 ved 8:36 pm

    Du skriver: » Vi skal ikkje syte og gjere oss stakkarslege».

    Men er det ikke nettopp dette vi finner i mange av salmene? Klagen, det å komme til kort, det å føle seg liten og mange ganger forkommen og stakkarslig..? Mange av salmene kalles jo nettopp for klagesalmer..

    • november 25, 2011 ved 11:30 am

      Beklagar seint svar her! Eg skil mellom «å syte» og «å klage» i bibelsk forstand. Syting er berre negativ fokusering, ei degging for det som er vanskeleg. Å klage, slik vi ser det i Salmane, er ei offensiv, utåtvend haldning og handling. Du set ord på tinga, du utfordrar Gud, du vil noko. Ei alt for «from» innstilling til tru og bøn kan like gjerne vere uttrykk for undertrykt smerte og aggresjon – og ei manglande tru på at Gud kan ha noko med vårt faktiske liv å gjere. Klage, i bibelsk tyding, og tru er to ord for det same. Den som klagar, kjenner sitt verd og sin rett og er nettopp ikkje krypande.

      Kristus klaga sjølv på krossen, med klagesalmens ord: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg…?» (Sal 22).


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: