13
Nov
11

homiletica: høgmesse, Fredrikstad domkyrkje, luk 15, 8-10// Apg 9,1-18

Preike ved høgmessa i Fredrikstad domkrk i dag, der det denne helga har vore korfestival med Prots/Per Odvar Hildre som instruktør. Saman med musikarar frå Søramerika, orkesteret Alto Plano. Både messeledd og salmar var henta frå latinamerikansk tradisjon…

«Eller om en kvinne har ti sølvmynter og mister én, tenner hun ikke da en lampe og feier i hele huset og leter nøye til hun finner den?  9 Og når hun har funnet den, kaller hun sammen venninner og nabokoner og sier: ‘Gled dere med meg, for jeg har funnet igjen det pengestykket jeg hadde mistet.’ 10 På samme måte, sier jeg dere, blir det glede blant Guds engler over én synder som vender om».

Kjære brør og systre!

Det finst nesten inga glede som kan måle seg med den ein kjenner når ein har mist noko – og så finn det att! Det kjenner vi, sjøl om det er den minste ting; endå meir viss det er ein viktig ting – og aller mest dersom det ikkje berre er ein ting, men eit menneske, nokon vi elskar, nokon vi har kjær, nokon vi ikkje har råd til å misse! Når  vi finn att det vi elskar etter å ha mist det og sakna det – det er den store gleda, som får hjarta til å banke, som får kropp og sjel til å danse, som får oss til å le og og opne armane mot andre, mot verda, mot alt som er; som får oss til å feire og lage gjestebod, som gir oss livstru og initiativ: No kan alt skje!

Nettopp slik er det i himlen, blant Guds englar, seier Jesus, når ein syndar omvender seg! Då bryt serafane  på nytt ut i sin evige lovsong, i sjølve festsongen i himlen, i sjølve grunntemaet i den himmelske korfestivalen: –Sanctus, sanctus, sanctus/heilag, heilag, heilag er Herren, Sebaot, all jorda er full av hans herlegdom, hosianna i det høgste!

Og dette er jo nettopp songen vi syng her på jorda også, i kvar messe, i kvar nattverdfering, særleg på Herrens dag! For også kyrkja her på jord tek del i den himmelske gleda! Særleg gleda over at ein syndar vender om, gleda over at eit menneske finn tilbake til Skaparen sin, til sin Gud og Far. For det er ei grunnlov i Guds rike: -Som i himlen, så òg på jorda!

Brør og systre! Denne skakande gleda over eit menneske som vender om – det er den vi treng aller mest i kyrkja i vår tid, i vårt land, sikkert her i Fredrikstad, også! Når menneske vender om, då skjer det noko, då blir det fart på sakene, i himlen og på jorda, i prestetenesta, i soknerådet, i gudstenesta, i alt som skal gjerast. Då lyser det langan lei, så søkjande menneske kan finne vegen til Guds hus! Då går ryktet byen rundt: Eit menneske, ja fleire,  som har teke ein ny kurs, som seier: Credo! Eg trur! -Eg har fått eit nytt liv! Eg har funne han som dro mine føter opp av gjørma og sette dei på fast grunn! Eg har funne han som gjorde mi sorg og mi klage til dans, eg har funne han som har tilgjev all mi synd og lækjer all min sjukdom, han som friar mitt liv frå grava og kronar meg med godleik og miskunn, som fyller mitt liv med det som godt er og gjer meg ung att som ørna! Eg har funne han, nei, endå bedre:  Han har funne meg – og er eg glad, så er han endå gladare!

Brør og systre! Guds glede over menneske som vender om – det er den krafta og det trøkket som får ting til å skje.  Vi prøver på så mange erstatningar, vi prøver å finne på så mange lure ting som skal få nytt liv i kyrkja og nye menneske i kyrkje- og bedehusbenkane… Tiltaka veks, byråkratiet ekspanderer, toppetasjen blir tung, men akk, golvet, der menneska er, forblir like tomt. Det vi treng mest, er kallet til omvending; fyrst at det når inn til oss som preikar, til prestar og biskopar.  Skal tru det blir glede  blant Guds englar kvar gong ein pater omvender seg og kjem til Gud på nytt med sitt liv!

Det vi treng, er den livsendringa som kjem når vi møter den levande Gud – slik Paulus møtte Herren på vegen til Damaskus (slik vi høyrde i leseteksten).  Han var på veg i feil retning, på veg som Jesu motstandar – då  stråla plutseleg eit ljos frå himlen kring han, han fall til jorda og høyrde ei røyst som sa: -Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg? Og han svara: -Kven er du, Herre? Og så høyrde han: -Eg er Jesus! Det var som han skulle høyrt: -No får du ein ny start, ei ny teneste, eit nytt liv; no er du ikkje Saulus, men Paulus! Han hadde funne Herren, Herren hadde funne han.

Kjære  vener! Samfunnet vårt har ført Gud og menneske så langt bort frå kvarandre. Vi trur at mennesket kan vere like lukkeleg og like velfungerande utan sin Skapar, sitt opphav – og vi trur at Gud har nok med sitt. Vi treng å gjenoppdage at Gud og menneske treng kvarandre. – Gud, du har skapt oss til deg, og vårt hjarta er uroleg, til dess det finn kvile hjå deg, sier den hl Augustin. Menneske søkjer alt mogeleg for å finne fred og lukke – utan å vite at det er Gud det søkjer. Og så fyller det livet sitt med stadig meir “silikon”, med støy og erstatningar.  Gud har tiltenkt mennesket ei evig framtid og han har ingen å misse; ikkje for tida og ikkje for æva! Han har satsa alt på å finne oss og vinne oss tilbake til seg. Som det lydde i Kyrie-songen i dag:…-si profond amor, -med så djup ein kjærleik! Eg trur Guds hjartespråk må vere spansk. Si profond amor…

Når motet sviktar, når motivasjonen går ned, når perspektiva blir borte, i livet mitt og kallet mitt, både på vegne av meg sjøl og på vegne av kyrkja, då er det dette som som går opp for meg og dette det einaste som tèl:

Nåde at han fant meg, kjærlighet som vant meg/nåde at han bar meg til sin fold!

 

 


0 Responses to “homiletica: høgmesse, Fredrikstad domkyrkje, luk 15, 8-10// Apg 9,1-18”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: