13
Nov
11

carpe diem: Helge, Tore Erik og Prots

Denne helga har eg møtt menneske som skaper glede og kveikjer ljos i livet. Éin møtte eg skikkeleg for fyrste gong, dei to andre er gamle vener.

Helge har vore soknerådsformann i Fredrikstad domkyrkje og er stadig aktiv der. Desse dagane har han vore med i «festivalkoret» her. Då han fekk vite at det var best om eg kom ned til Fredrikstad i går kveld, men fyrst etter messe og vesper i klosteret og difor ikkje kunne når toget før kl ni frå Oslo, melde han seg til å køyre inn og hente meg. Så susa vi sørover E6 mens praten gjekk om både personlege og kyrkjelege spørsmål, og 1, 2, 3, så var vi framme. Helge er den disponible typen, klar til ein innsats, open for det som trengs og dei som treng han. Slik opplevde eg det. Takk!

Prots og Tore Erik – det musikkens karismatikarar og energibuntar. Den pågåande sunnmøringen i samspel med den rotsterke hedmarkingen frå dei djupe skogane. Begge to av landets fremste korleiarar. Kva har dei ikkje gjort for å få korsongen opp  frå det å vere ein litt falma fritidssyssel og litt ufarleg musikkform til å bli kvalitetesvare og folkerørsle på same tid. Fullt ut kjem dette fram i kyrkjemusikken og -songen, sjølsagt. Og musikarane frå Sør-Amerika, med rytme og song både i instrumenta og kroppen, og hjartet!  Sameininga av det dansande glade og den inderlege lengten. Som evangeliet sjølv.

Eg kan berre takke! Hermed.

 


0 Responses to “carpe diem: Helge, Tore Erik og Prots”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: