12
Nov
11

nota bene: Liberalismemoten

Fyrst publisert i spalten Signert, Klassekampen, laurdag 12/11-11 (i dag)…

Eit teikn i tida er det liberalistiske oppsvinget i parti der det før har vore framandt eller mindre framme. Venstre har likt å kalle seg eit liberalt parti, men no er det tydeleg at det liberale er skjerpa til liberalisme. Særleg markerte og liberalismeglade synes ungdomspartia å vere, også her med Unge Venstre langt framme i teten.  Dei nye konservative (Minerva) og Unge Høgre flaggar også sine liberalistiske preferansar. Interessant er det også at ein del  tidlegare radikale sosialistar no heller vil kalle seg liberale.

Kva skjer? Eg trur det heng saman med den ideologiske trøyttleiken i dei tradisjonelle politiske partikulturane. Sosialdemokrati er traust og velprøvd, men litt keisamt etterkvart. Verdikonservative posisjonar likeeins. Ein litt frekkare og meir uvøren tone skal friske opp den politiske interessa, synest ein å anta. Det nøkterne, sparsame og idealistiske matchar ikkje godt den norske livskjensla lenger. Vi er rike, velfødde, reisande, mondene og smakmedvitne. Gastronomi, vinkultur, kroppsmedvit, interiør og estetikk er allemannseige på tvers av generasjonane. Alt dette får den moderne individualismen til å akselerere. Sjølvmedvitet veks, maksimal rørslefridom og valfridom trumfar andre omsyn.

Frå dette er ikkje vegen lang til både moralsk og økonomisk liberalisme. Politikk har i høg grad med mentalitetar å gjere. Unge Venstre og Unge Høgre liknar til forveksling dersom ein sjekkar deira sjølpresentasjonar på nettsider og i programmateriell. Viktige særsaker er synlege, anten det er økologi for venstrefolka eller skattesaker for dei blåe. Men det ein framhevar, med nesten lik ordlyd, er ”Frihet. Mangfold. Toleranse” (UH) eller ”frihet, toleranse og likeverd” (UV). Skilnaden til Fremskrittspartiets Ungdom som sender ut sitt Manifest med ”liberal hilsen” frå Ove A. Vanebo, blir også stadig mindre. Liberalisme er den felles markøren. At Unge Venstre går inn for regjeringssamarbeid mellom Venstre og  FrP, kjem ikkje akkurat som ei bombe.

Kva med det verdikonservative innslaget i nykonservatismen, slik Minerva ynskjer å signalisere det?  Det fins utan tvil ein vilje til å fornye konservatismen som politisk idégrunnlag, men i praksis inntek ein ikkje mange konservative verdistandpunkt og aktive skribentar og tenkjarar som Jan Arild Snoen – sjølv ein uttala liberalist – har ynskt å halde KrF på armlengdes avstand frå den politiske høgresida.  Finurleg er elles dei nykonservative og nyliberale sitt syn på kyrkja og den kristne tradisjonen. Dei er programmatisk motstandar av statskyrkjeordninga, men stort sett positive til kyrkja som tradisjonsberar i samfunnet. Kva dette inneber i praksis, er det likevel ikkje lett å få auge på. Ein ynskjer at kyrkja skal stå ideologisk fritt, men få av undomspoilitikarane deler dei tradisjonelle etiske posisjonane og står stort sett saman med det liberale feltet – for ikkje å seie fleirtalet  – i Den norske kyrkja i dag. –Eg trur på kyrkja, seier Unge Høgre- formannen, Henrik Asheim, -men ikkje på Gud.

Det må det sjølsagt vere lov å hevde, men det seier samtidig noko om korleis kyrkje og kristen tru gradvis blir lausrive frå sitt trusgrunnlag og instrumentalisert som kulturell ideologi. I møtet med Islam er det stadig fleire som får behov for å definere seg som ”kulturkristne”, men ikkje som truande. Ei kyrkje der det eigentleg religiøse endar med å bli mindre viktig, burde i det minste uroe den kyrkjelege leiarskapen, sjøl om det er på moten mellom dagens og morgondagens konservative.  I det liberalistiske universet blir religiøse dogme og normar for tunge og for forpliktande. Overflata, stemninga og nytteverdien kan ein ha sympati for, og her skil ein seg frå den gode, gamle og langt krassare kulturradikalismen – som ein langt på veg er komen til å dele ikkje så få  standpunkt med.

Det beste med den liberale trenden, er, trass alt,  ei opnare haldning på fleire område, ikkje minst i slikt som har med tru og livssyn å gjere. Ein har lagt bak seg mange bindingar og mykje kunnskap, men òg mange fordomar. Når vi veit at opne rom ikkje forblir tome i det lange løp, blir det spennande å sjå kva som kjem til å fylle dei.

 

 

 

 

Reklame

0 Svar to “nota bene: Liberalismemoten”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: