12
Nov
11

carpe diem: itinerarium…

…er eit framandord som tyder «reise», «ferd»; og preikebrørne er forkynnarar som lever i denne modusen: Basis i klosteret – og så på ferd for å preike, vandrande og farande. Dei siste dagane har eg fyrst vore i Arendal, på møte i Agder Akademi for Kultur og Kirke, i det flotte Arendal Bibliotek (torsdag). Det blei innleiing og debatt om temaet: «Frå kristen einskapskultur til sekulær einskapskultur?». Emnet var ynskt og eg talar ofte om det, fordi denne tematikken er så aktuell. Vi må finne ein plass og ein måte å leve på som truande i eit endra samfunn.

Seint i kveld, etter vesper i klosteret, dro eg hit til Fredrikstad. I morgon preikar eg i domkyrkja her, der det skal vere ei messe med stort kor – fordi Prots (Per Oddvar Hildre) er her og held korseminar, med gjestande musikarar frå Latinamerika. Vi er gamle kjenningar frå Skruk-tida, og dessutan kjenner eg godt domorganisten her, Tore Erik Mohn. Så her blir det song og musikk under stødig leiing av to av dei fremste innan norsk korsong. Prots er Prots, og Tore Erik underviser i kordireksjon på Norges Musikkhøgskole. Dei har innlosjert meg på Victoria hotell, vis-avis domkyrkja. Sit her no, og køyar snart.


1 Response to “carpe diem: itinerarium…”


  1. 1 Tore Erik Mohn
    november 13, 2011 ved 12:59 pm

    Hjertelig velkommen tilbake ved neste høve. Alltid stas!

    ToreErik


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: