«Ver ikkje redd, Daniel. For frå den fyrste dagen du sette deg føre å vinna forstand og audmjuka deg for Gud, er orda dine blitt høyrde»
Den viktigaste av alle avgjerder: Å vinna forstand og audmjuke seg for Gud. Ofte undrar vi oss over motgang, over vanskar med å tru, med å be. Få ting sit lenger inne hos menneske enn å bøye seg for Gud, ikkje for å bli knuga ned, men for å opne seg og bli mottakande.
Det er det som skal til.
Takk for denne refleksjonen/meditasjonen!
Jeg har fulgt denne bloggen fra starten..og finner stadig mye til inspirasjon!
God helg!
Pax
Kjenner at det er både utfordrande og godt å lese innlegga du har om bønn.Eg har den barnlege tillita til at Gud veit kva som er best for meg,men det hindrar meg no ikkje i å både trygle og undre meg på kvifor det «ikkje kan gå min veg» i nokre av mine bønne-emne 🙂
Når du skriv at vi eg/vi må bøya oss for Gud «…for å opne seg og bli mottakande » og i innlegget før her «Det hender noko når du ber for alvor», så kan eg tenkje at eg ikkje er nok audmjuk overfor Gud,at eg ikkje ber godt nok.Sånn kan ein tenkje,om ein er fortvilt over manglande bønne-svar.
Men sjølvsagt kan eg òg tenkje at Gud har ei anna tidsperspektiv og andre tankar for meg,enn det eg trur og tenkjer er best.
God helg!
Marieklem