«Difor ordna han med dette sonofferet for dei døde, så dei kunne bli løyste frå si syndeskuld».
Judas Makkabeus let det framberast offer for landsmenn som var falne i striden. Eit teikn på at han trudde på oppstoda og på eit liv etter døden. Difor var det òg meiningsfullt å be for dei døde, så dei kunne nå heilt fram til «den herlege løna som ventar dei som døyr i trua på Gud».
Kyrkja har frå sine fyrste tider ført dette vidare. Det heilage samfunnet sprengjer dødens grenser. Vi ber for kvarandre, heilt til vi er i mål. Offentleg bed kyrkja for dei avdøde både i tidebønene (officiet for dei døde, og i det heile med botssalmane i Bibelen) og i messa, særleg i Requiem-messa, slik vi nyleg blei minte om det på Allesjelers dag: «Evig fred og kvile, gjev åt dei, å Herre! Og lat det evige ljoset skina for dei!».
0 Svar to “officium: fredag, 31. vike i det allmenne året, 2 makkabearbok 12,32-45”