04
Nov
11

discursus: Retrett (retreat): salmane som bøneskule I

For dei som vil fylgje med på noko av retretten (retreaten) her på Åkerlehaugen, legg eg ut stikkordmanus (obs) for retrettføredraga. Temaet for retretten er: «Dei bibelske Salmane som bøneskule»…

Fredag I

Gud – den opphøgde

Salmane – ei omfattande bok; teologisk og åndeleg. ’Kompakt-bibel’. Aksen i klosterlivet. Ei bruksbok: Tidebønene (og messa, også). Både for tru/teologi og forkynning – og bøn – er heilskap og fylde viktig. Heile Guds råd. Hushald. Kosthald. Økonomi. Forsnevring fører til skeivutvikling og skader.

”Heile Gud”. Vi forenklar gudsbiletet. For streng/for ”snill”. Vi pendlar mellom ytterpunkta.

Gud – den opphøgde:

Sal 18, 1- 19 (les)  Guds makt som skapar og frelsar høyrer saman. Han har makt til å ta seg av sine vener, sine trugne.  Jfr Jes 45,18-25

Sal 29 (les) – Guds ære, hans herlegdom blir anerkjent av skaparverket; både den usynlege verda (”Guds søner”-englane) og den synlege (havet, sedrane…): «Alt i hans tempel ropar: «Ære!» «.

Sal 66, 1-6; 8-9 (les)Hans makt – til å frelse, til å halde oss/meg og deg oppe. > Det personlege. jfr Sal 113,5f

Sal 68,5-7 (les) Guds makt > vern for retten og for den fattige og verjelause. jfr Sal 76,8-11 (les)

Sal 89, 10-17 (les)  Guds makt, som garantist for kosmos, for velde over kaoskreftene, for meining og glede i skaparverket/ verdsordninga. jfr Sal 93.

Gudsfolket som målber dette – og som dermed er med å halde det oppe! Lovprisinga. I klosteret startar vi kvar dag med påminning/anamnese av dette: Sal 95

Elles: Sal 145 > Hallel-salmane (særleg knytte til tidebøna Laudes ).

>> Erkjenninga av Guds velde, noko positivt: Rett, orden, frelse, vern. Ikkje den sure sjefsinspektøren. Den negative sida ligg i det å utfodre og oversjå Gud som sjølve grunnvollen for det gode. Lovsongen og tilbedinga er hovudsaka. ”Domaren” – ikkje den trugande autoriteten, men oppretthaldaren av rett og fred.

Reklame

1 Tilbakemelding to “discursus: Retrett (retreat): salmane som bøneskule I”


  1. 1 MT
    november 4, 2011 ved 8:55 pm

    Takk for at du deler noko av det deltakarane på retreaten får med seg. Hadde vore fint å vere der.

    Kjærleiken bær verda skreiv du her ein dag,-og det er nydelig.

    Lukke til med resten av dagane.
    Marieklem


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: