30
Sep
11

carpe diem: mikkelsmesse, sykkeltur, vestover…

Eg sette Mac-en att på skrivebordet i cella onsdag ettermiddag – pumpa sykkelen (som stadig er min DBS-tur-racar frå åttitalet) og la i veg til Drammen for å vitje Siri og Dag Tofteng med veslejenta Mathea. Mildt og fint, men skya vêr. Lit t dårleg merking av sykkelløypa her og der, men det gjekk med berre eit par blindvegar og returar. Traséen er stort sett gamle E18. Éin times kaffipause i Asker, og så gjekk det lett over Lierskogen og raskt ned dei gamle Lierbakkane, bortover sletta og over Drammmenselva, brei og blank som Donau.

Triveleg kveld med vener, altså. Dagen etter -i går, torsdag – var det klårt og skarpt så eg venta til lufta varma seg litt og ga meg avgarde. No ut mot Spikkestad og Røyken med  fyrste stopp ved Røyken kyrkje; ei vakker, lita mellomalderkyrkje. Sol og fagert gjennom fine bygder. Lauvskogen har fått fargar og lyser i dei grangrøne åsane. Eg trilla etterkvart ned mot Åros (ved Oslofjorden), kosta på meg nokre ekstra kilometer denne strålande dagen, drar meg forbi Nærsnes, Slemmestad til Nesbru/Holmen med matytkt der, nede på ei lita brygge i småbåthamna. Berre å lene seg tilbake og la haustsola varme seg. Raskt trakk inn til Oslo etterpå.

Bra med denne kviledagen(!) etter tett weekend med messer og preiker.

I går var det Mikkelsmesse, festen for erkeenglane, Mikael, Gabriel og Rafael. Viktig å feire og markere denne gamle merkjedagen. Mikjelsmøss, sa dei heime på Sunnmøre.  Englane er Guds skaparverk, for han har skapt «alle synlege og usynlege ting» (Nicenum). Vi er så sekulariserte at vi har avfolka den usynlege, himmelske verda. Protestantar er så fixerte på at berre Jesus skal omtalast, at dei  har gløymt både englane og helgnane. Men Gud blir ikkje større om ein fjernar hans skapningar og tenarar. Han er «Herren Sebaot», «Allhærs Gud», og Bibelen er full av englar frå fyrst til sist. Kjerubar, serfafar, livsvesen, truner, herredøme , erkeenglar, verneenglar, tenande ånder….

Lat oss ikkje overlate englane til diffus nyreligiøsitet og «engleskular». Englane høyrer med i den triumferande kyrkja, ecclesia triumphans, i det heilage samfunnet, communio sanctorum.  

Just no sit eg på Gardermoen og ventar på å entre fly til Bergen. Har oppgåver der i helga og måndag. Meir om det. Her har du ein bøn til verneengelen, omsett frå den klassiske Angele Dei-bøna:

Du Guds engel/vakt meg, vern meg/i di omsorg styr og vern meg/med Guds Ord opplys og lær meg. Amen


4 Responses to “carpe diem: mikkelsmesse, sykkeltur, vestover…”


  1. 1 solveig
    september 30, 2011 ved 5:01 pm

    Mi sunnmørske farmor huska disse gamle helgendagane, og eg trur dei var viktige for henne. At dei overlevde så lenge i folk si bevissthet er vel eit teikn på at dei var gode å ha som mellomkvinner og -menn, og i tillegg var det jo godt å ha «orden på/i året». (Lurer på om nokon har forska på kor lenge katolske truselement overlevde rundt omkring i landet, f.eks. på Sunnmøre?)

  2. 2 MT
    september 30, 2011 ved 10:24 pm

    Til ei vakker englebøn!

    Hadde vore fint å lest litt om dei ulike englane og tenande ånder,frå din penn eller anbefalt litteratur.

    Marieklem

  3. oktober 2, 2011 ved 12:19 pm

    Det fins en bok om engler som jeg liker godt, norsk utgave fra Aschehoug 2005. Tittel: Møte med engler.
    Oversatt til norsk av Eva Rief. Mvh. Marit

  4. 4 Solveig
    oktober 2, 2011 ved 2:40 pm

    Marit: Er ikke boka over nettopp fra et «diffus nyreligiøst» perspektiv? Ser at den ifølge amazon forsøker å bygge bro mellom tradisjonelle teologiske syn og antroposofi og new age-syn.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: