28
Sep
11

officium: onsdag, 26. vike i det allmenne året, fil 2,12-30 (matutin)

«Om eg sjølv skal ofrast medan eg gjer mi heilage teneste og ber dykkar tru fram som offer, så er eg likevel glad, og eg gleder meg saman med dykk alle» (v 17)

Her ser Paulus si apostelteneste som ei liturgisk teneste og som ei presteleg offerteneste. «Heilag teneste» er norsk omsetjig av det greske «leitourgia» og «offer» er «thysia», blodoffer, noko som fører tanken til martyriet. Han kallar seg ein anan stad «Jesu Kristi prest mellom folkeslaga» (Rom 15, 16).

Dette viser den evkaristiske (takkseiande) og lovprisande retninga og grunntonen i apostolatet og forkynnartenesta. Resultatet av forkynninga skal gjevast som ei fri gåve til Gud. Forkynnnaren driv ikkje verving for eigen popularitet, eller eit privat firma for eigen profitt.

Han er Guds og alles tenar.

 


2 Responses to “officium: onsdag, 26. vike i det allmenne året, fil 2,12-30 (matutin)”


  1. 1 Solveig
    september 28, 2011 ved 11:39 am

    digresjon: har undra meg over at du omtaler Gud som ein som kan vere sjalu; som er så djupt engasjert og interessert i oss som enkeltindivid at det er mulig som eit trekk ved han. Kan ein seie at Gud treng oss like mykje som vi treng han? At vi er nødvendige for at Gud sjøl skal kunne realisere seg fullt ut som Gud – (her) at den liturgiske offertenesta dermed også trengs for Guden sin del, som ein måte han møter seg sjøl på? (eller beveger ein seg bort frå akseptert syn om ein tenkjer slik?)

    • oktober 1, 2011 ved 8:25 am

      Ja, Bibelens Gud er sjalu; orda som er nytta, tyder nettopp det: Ivrig, brennhuga. nidkjær. Gud elskar ikkje «prinsippielt» og korrekt. Han elskar slik vi elskar og vil bli elska: Av fullt hjarte. Den andre betyr noko for oss – og det betyr noko for oss å bli elska igjen. Så Gud er «avhengig» av nokon å elske – og det er ikkje likseælt for han om vi elskar han, om vi trur på han, om vi kjem til han. Offeret er eit uttrykk for dette.

      Han treng oss ikkje for å vere til, men fordi han elskar oss og vil bli elska av oss.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: