04
Sep
11

officium: laurdag, 22. vike i det allmenne året, jer 31, 15-34 (matutin)

«Vend du meg om, så vender eg om» (v 18)

Jeremias er sjelesyrgjar-profeten. Han ser djupt inn i mennnesket. Truleg fordi han ser djupt inn i seg sjølv, fordi han har ei personleg røynsle med Gud. Den utleverte profeten. Han ser at mennesket har ansvar for å vende seg til Gud. Og han ser at utan nåden, Guds eige verk i oss, kjem vi ingen veg. Han ser vår vilje og vår uvilje. Han ser våre ambivalensar, vårt delte sinn.

Men han ser også djupt inn i Guds hjarte. Gud er også ambivalent. Sorg og harme over våre fråfall blir overvunne av kjærleiken: «Er Efraim min kjære son, barnet eg har hugnad i? Kvar gong eg talar mot han, må eg tenkja på han med velvilje. Difor bankar mitt hjarta i medynk med han, eg må syna han miskunn» (v 20).

Kjærleiken gjer veik. Guds veikskap er vår sjanse. Slå til.


0 Responses to “officium: laurdag, 22. vike i det allmenne året, jer 31, 15-34 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: