02
Sep
11

officium: fredag, 22. vike i det allmenne året, jer 30,18 – 31,9 (matutin)

«Gråtande kjem dei med audmjuk bøn, eg leier og fører dei til rennande bekker» (31,9)

Profeten har vendt bladet. Trøysta og oppmuntringa veller fram. Retten må gå sin gang, for gudsfolket og for alle folk. Men retten blir fullenda i miskunn. Gud er ikkje ein fjern og formell domar. Han vil forsoning, samfunn, liv. Når folket vender tilbake frå eksilet ,»kjem [dei] med jubelrop til Sion-fjellet, dei strålar av glede over Herrens gode gåver: korn, vin og olje, sauer og geiter og oksar… Då skal jentene dansa av glede og gamle menn gleda seg med dei unge» (31,12-13).

Men hit kjem folket gjennom sorga, gjennom den indre sinns-endringa. Jeremias ser innover, Guds leiing av folket handlar ikkje berre om ytre omveltingar og hendingar. Det sanne Israel har møtt seg sjølv og sin Gud på djupet. Gråten løyser opp det som er hardt og tilknytt. Gråten opnar. Demningane brest. Vi lèt det skje.

Motstanden mot Gud maktar ikkje meir.


6 Responses to “officium: fredag, 22. vike i det allmenne året, jer 30,18 – 31,9 (matutin)”


  1. september 2, 2011 ved 8:00 am

    Vakker setning: «Motstanden mot Gud maktar ikkje meir». Den skal jeg huske på.

  2. 2 Frode
    september 2, 2011 ved 1:50 pm

    Ville si det samme som Einar 🙂

    • september 2, 2011 ved 3:02 pm

      Motstanden mot Gud. Det kan vere det medvite gudlause mennesket. Som veit kva det (ikkje) vil. Det kan òg vere mennesket som flyktar frå Gud, kanskje under skin av andre grunnar enn dei eigentlege. I slike menneske er det ein ambivalens, ja, til tider ein kamp. Motstanden kan òg vere den sida av den levande trua som utfordrar Gud; nettopp ikkje vantru, men tru. Som Job. Som i Salmane. Å yte Gud motstand fordi ein har fopventingar til han, fordi ein tek både seg sjølv og Gud på alvor – det er den «gode» motstanden.

      Det er hadde i tankane i dagens «officium», var heller den mellomste varianten: – Flykningen som resignerer, som overgjev sin uvilje, som ikkje lenger maktar «å stampe mot brodden». Som lèt det stå til – og fell inn i Guds fang. Endeleg.

  3. 4 Frode
    september 2, 2011 ved 5:18 pm

    Det var også i de baner jeg oppfattet det.
    Noe i oss ønsker ikke å underordne seg. Vi ønsker en type frihet der vi helt og holdent har kontrollen og dikterer fasiten i eget liv, ja kanskje andres også. Vi har vårt intellekt og vil klare oss selv, gå våre egne veier, for vi vet da best selv!
    Men så ser vi våre egne begrensninger, vår mangel på både makt og innsikt. Og etter en vandring på våre egne veier innser vi at Gud vil møte oss også der og ønsker at vi skal høre Ham til.

    Hvor skal jeg gå bort fra din Ånd,
    hvor skal jeg flykte fra ditt åsyn?

    Vi gir opp motstanden og sier:

    Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjerte,
    prøv meg og kjenn mine tanker.
    Se om jeg er på den onde vei,
    og led meg på evighetens vei.

  4. 5 MT
    september 3, 2011 ved 10:34 am

    Takk for alle fine innlegg du har hatt,no òg i det siste.Har lest dei fleire gongar,kvar einskild, og dei gir håp,trøyst,undring og oppmuntring 🙂

    God helg.
    Marieklem

  5. 6 Solveig
    september 4, 2011 ved 12:29 pm

    «å møte seg sjøl og sin Gud i djupet», den setninga traff meg. Og i dag (søndag) i kommunionsverset: «Min sjel er bedrøvet og tynget ned. .. Avgrunn kaller på avgrunn ved duren av dine fossefall.» Omkvedet og hele verset er så godt


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: