«Snu om, de fråfalne søner, så skal eg lækja dykkar fråfall» (3,22)
Jeremia fordjupar og gjer personleg tilhøvet til Gud. Den truande er ikkje berre ein konturlaus medlem av folket, men eit ansvarleg einskildmenneske, andlet til andlet med Israels Gud. Jeremia ser fråfallet som noko anna enn ei endring av ein praksis, han ser det som eit sår personlegdomen, som ein sjukdom i sjela.
Mennesket som har framandgjort seg frå Gud, skaparaen sin, ber på ei indre blødning. Livet vårt forblør. Når erstatningane er borte, er det tomt. Lækjedomen kjem når vi vågar å seie: » Sjå, Herre, her kjem vi til deg, for du er Herren, vår Gud» (3,22b).
Er det ikkje mange nettopp i denne tida som er ved eit vendepunkt, som leitar etter eit spor å fylgje tilbake til Gud, og som nølar, fordi dei ikkje veit om dei vågar?
0 Responses to “officium: torsdag, 21. vike i det allmenne året, Jeremia 3,1- 4,4 (matutin)”