22
Aug
11

officium: måndag, 21. vike i det allmenne året, Sefanja 3, 8-20

«Då vil eg skapa folka om og gje dei reine lipper, så dei alle kallar på Herren og samlyndte tener han» (v 9)

Profetane har alltid det universelle siktet. Guds plan gjeld alle folk, heile verda. Målet for menneskja er å leve i påkalling av Herren og å tene han. Samlyndt.

Men dette kan ikkje kome med tvang. Mennesket må skapast om, innanfrå. «Samlyndt» – ein djup, friviljug einskap, eit fellles lynne. Omskapinga syner seg i audmykt, i å vende seg frå uretten, ikkje tale lygnaktig eller svikefullt (v 12).

Denne omskapinga, sinnsforvandlinga (gresk: metanoia), skjer fullt og heilt ved dåpen og trua, men seier også noko om kva slags haldningar vi bør etterstrebe i kulturen og i samfunnet. Hovmod og sjåvinisme stengjer vegen både til Gud og menneske.


0 Responses to “officium: måndag, 21. vike i det allmenne året, Sefanja 3, 8-20”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: