21
Aug
11

diversa: Melding av «Atle Næss: «Nidarosdomen» «

Fyrst publisert i «Bokmagasinet», Klassekampen, laurdag 19/8-11 (litt forkorta; fullstendig tekst her)…

Bøkene om Nidarosdomen har dei siste åra kome i rekkje og rad. Prakt og fag mellom to permar. Også Atle Næss store bok om domen er ei praktbok. Men ho vil ikkje vere fyrst og fremst ei litt distansert kunstbok. Næss vil gje oss domens ”biografi”, ei heilskapleg framstelling av katedralens livsløp, den levande historia som denne kyrkja både er ein del av og på sett og vis ein medskapar av.

Språk og stil boka er difor forteljande og tilsikta personleg, ja populært. Dette skal vere ei bok for fleire enn fagfolka og dei spesielt interesserte, men like vel sakleg informativ. Men er ho det? Ei så omfangsrik bok – ei bok som skal dekkje eit stort og svært mangfaldig spenn av tid,  av kyrkjeleg og sekulær historie, om teologi, liturgi, politikk, kunst og kultur – kan ikkje bli gjenstand for detaljkommentar på den tilmålte spalteplassen bladet har gjeve meg. Detaljane må overlatast til kunst- og arkitekturhistorikarane og til allmenhistorikarane.  Her kan eg berre prøve å fange inn noka av heilskapen, noko av forfattarens interpretasjon av domens livshistorie. All biografi er tolka liv.

Dessverre er framstellinga prega av det som ofte går igjen i formidling av norsk mellomalder og mellomalderens kyrkjesoge. Eit utanfrå-perspektiv, ein lett ironiserande distanse. I framhaldet av dominerande norsk mellomaldertolking, i arven frå Bull til Lunden, ligg vekta på å forstå kyrkjehistorie ikkje minst som ei makthistorie. ”Makt”, ”maktkamp”og liknade omgrep går stadig igjen hos Næss. Det er så klårt eit legitimt perspektiv, men det finst andre vinklar som gjev ei meir nyansert forståing av dei historiske dynamikkane, både i person- og i instititusjonshistoria. Dersom ein i det religiøse ikkje ser anna enn ein ueigentleg, ideologisk overbygning, blir det mykje ein ikkje får med.

Næss burde la oss forstå noko av korleis mellomalderkyrkja forstod sitt samfunnsmessige, moralske og åndelege prosjekt. Kyrkja hadde eigdomar, men hadde også eit store oppgåver å løyse, kulturelt, pedagogisk, sosialt og politisk. Makt- og personinteresser blandar seg alltid inn, men ein bør også prøve å forstå dei idémessige og idéhistoriske komponentane. Katedralskulane var ikkje berre puggeskular for prestelærlingar, men vidareførar av dei klassiske, liberale kunstane. Jon Raudes standhaftige hevding av kyrkja sine rettar, uttrykte i Sættargjerda, var ikkje ein isolert maktkamp, men ein freistnad på å gjennomføre den universelle, kyrkjelege reformrørsla sitt program, med indre fridom frå statlege makter og ei nasjonalistisk og nepotistisk forsnevring av den kyrkjelege identiteten. Også erkebiskop Øysteins policy må sjåast i dette ljoset. Dette berre som eit par døme på stader der Næss kunne late oss få ein vidare og større innsikt i problematikkane i dåtida. Vidarekomne klerkar studerte ved utanlandske universitet, kanskje ikkje berre for å kunne ”klatre i hierarkiet”. Seriøse interesser for faget og legitime ambisjonar om å gjere ein innsats for det ein trudde på, var ikkje utelukka då, like lite som det er no.

Oppfatninga av mellomalderen som mørke, maktkamp og folkeleg fordumming er ein seig fordom i vår kulturkrins, og passar godt med den tradisjonelle protestantiske historieforståinga. Religionen til både høg og låg ser ein som noko som var forma av kyrkja sitt kyniske ynskje om makt og pengar, med frykt for helvete og von om paradiset som pressmiddel. Å prøve å gje ein glimt inn i trua som noko oppriktig og viktig i seg sjølv, får vi ikkje hjelp til av Næss. Kannikane syng sine tidebøner i katedralen, men kva indre tyding dette hadde i spiritualiteten, er fråvereande.

Nettopp fordi boka vil vere ein biografi, altså vere i ein meir skjønnlittereær sjanger, hadde det hjulpe om vi kunne få auge på eit meir spennande og meir innforliva perspektiv – noko ein berre kan få ved å kome meir på innsida av kva slags livsprosjekt mellomalderkyrkja, i det minste ideelt sett, la til rette for og streba etter. Særleg katedralane er – som Næss er inne på – metafysiske, teologale byggverk. Men det svarar til ei livskjensle som er noko meir enn eit ynskje om litt ljos og himmel over ein grå mellomalderkvardag.

Boka kjem ut av dette fangenskapet i mellomalderklisjéar når Næss kjem til domens historie etter reformasjonen. Her blir det instruktivt og interessant, men også ein turrare tekst,  i alle fall som biografi, som livs-litteratur. Dersom det er ei line i biografien, så er det Nidarosdomen som nasjonalheilagdom. Særleg i motiveringa for å restaurere domen, var det dette momentet som gjorde at det endå antikatolske, offisielle Noreg gjekk inn for det. Å gje katedralen ein identitet som nasjonalheilagdom er risikabelt. Det endar gjerne med at det nasjonale blir meir heilagt enn det guddomlege.

Det er oppskrifta på ein framandgjord katedral.

(Atle Næss: NIDAROSDOMEN – en biografi om Norges nasjonalmonument og menneskene som bygde det.)


0 Responses to “diversa: Melding av «Atle Næss: «Nidarosdomen» «”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: