18
Aug
11

officium: onsdag, 20. vike i det allmenne året, jes 9,7 – 10,4 (matutin)

«I sin brennhug skal Herren, Allhærs Gud, gjera dette» (v  8)

Gud er brennhuga, ivrig, sjalu. Han elskar fullt og heilt. Han gjev av fullt hjarta. Han ynskjer ivrig kjærleik tilbake. Dette er eigenskapar som vi er blitt framande for og redde for.  Du skal ikkje handle i ørska, du skal ha skjønn og dømekraft, du skal ikkje bruke din iver mot andre. Men du skal våge noko av deg sjølv.

Det gjeld i ditt tilhøve til Gud og ditt tilhøve til andre. Du skal våge å elske og du skal vise at det ikkje er likegyldig om du blir elska igjen. For slik elskar Gud.

Reklame

1 Tilbakemelding to “officium: onsdag, 20. vike i det allmenne året, jes 9,7 – 10,4 (matutin)”


  1. 1 solveig
    august 23, 2011 ved 9:54 pm

    Gud som sjalu? men er ivrig kjærleik (eller brennhug) ein som ber sjalusien med seg som mulighet? Det kan vere at det er min umiddelbare forståelse av ordet sjalusi som er for negativ. Brennhug med skjønn og dømmekraft, ikkje så lett det!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: