Denne helga har eg vore vestover att. Nord-vestover, til Aukra utanfor Molde. Eg har teke del i ei luthersk diakonvigsling, som gjest. Ein skulekamerat av meg, Peder Nedrelid frå Fjørtofta i Haram, blei i si tid utdanna på Diakonhjemmet, men har arbeidd i det sekulære sosialvesenet, m a som sosialsjef her på Aukra i ei årrekkje. Her har han hus og heim, saman med kona, Ingri, og tre born som no har floge frå reiret.
Dei siste årsa har han tenestegjort i sjømannsmisjonen («Sjømannskirken»), på Kanariøyane -og kom til at det ville vere bra å få vigsel til ein kyrkjeleg stilling. Difor let han seg vigsle i Aukra kyrkje i dag.
Eg kom hit seint fredag kveld, og hadde ein fin dag her i går. Med nydeleg, varmt vêr! Som ein mjuk fønvind, bylgja søraustbrisen over fjord og øyar i dag. I denne vindretninga og dette vêrlaget blir ljoset spesielt; djupet kjem fram på ein annan måte enn i nordausten med sin striare og hardarae palett. Sykla (!) heilt ut til Rindarøy i går, med utsikt mot Ona og øyane ytst i Romsdalen. Ein dukkert blei det også.
Om ein halv time lettar flyet. Siste vitjing vestpå i sommar.
(fløyel, både lys og vind. Slik var det i Trøndelag og. slike dagar ein på ein mjuk måte kan føle seg omslutta av mysteriet)