12
Aug
11

officium: fredag, 19. vike i det allmenne året, mika 6 (matutin)

«Har den vonde i sitt hus skattar samla på urett vis, og ein snau, forbanna efa? Kan eg vera rein med urett vekt og falske vektlodd i pungen?» (v 10-11)

Hos Mika som hos mange av dei andre profetane er Guds-tilhøvet og sosialetikken nært samanknytte. Vår inderleggjorte og individualistiske kristendomsform har lett for å gløyme dette. Pengar og handel føregår i ei verd «utanfor». Med sine eigne, harde lover. For Mika er vondskap å samle skattar på urett vis, og reinleik er også eit spørsmål om mål og vekt, eller om fusk og fanteri, for å seie det slik.

Mikas spørsmål burde henge som hustavle på Børsen, på stader der dei utdannar folk for handel- og næringsliv, og i mange kontor og butikkar. «Rikmennenen dine gjer valdsverk», seier Mika vidare (v 12). Nyleg såg eg på bokbordet vårt eit bokverk av ein av kyrkjefedrene: «Kan den rike bli frelst?» Eit fårleg godt spørsmål.


0 Responses to “officium: fredag, 19. vike i det allmenne året, mika 6 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: