11
Aug
11

officium: torsdag, 19. vike i det allmenne året, mika 4,14 – 5, 7 (matutin)

I dag er det òg minnedagen for den hl Klara, grunnleggjar av den kvinnelege greina av fransiskanarordenen («klarissene»);  samtidig med den hl Frans av Assisi…

«Han skal koma med fred» (v 4)

Israels historie, slik vi les henne i Skrifta, er inga fredfull historie. Men målet med frelseshistoria og framtidsvona som ho ber med seg, er fred. Den messianske freden. Det er Messias som «skal koma med fred». Han er Fredsfyrsten. Ved han» ville  «Gud forsona alle ting med seg, det som er i himmelen og det som er på jorda» (Kolss 1,20). Guds-freden, shalom – tilstanden, skulle han føre med seg. «Då skal ulven bu saman med lammet, og leoparden liggja i lag med kjeet» (Jes 11,6), «då skal dei smida sverda sine om til plogjern og spyda sine til vingardsknivar. Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk og ikkje lenger læra å føra krig» (Jes 2,4-5).

Det er denne Guds fredsplan vi er kalla til å gå inn i – med alt han inneber, åndeleg, personleg, i relasjonar, i samfunn, i natur  og historie. Heilt til han bryt gjennom, fullt og heilt, i den komande verda.

Reklame

0 Svar to “officium: torsdag, 19. vike i det allmenne året, mika 4,14 – 5, 7 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: