10
Aug
11

officium: den hl Laurentius, martyr, Apgj 6,1-8; 8,1+4-8 (matutin)

Den hl Laurentius (Lars, Lavrans…) var diakon i den tidlege kyrkja i Roma, og blei martyr under forfylgjingar der (258). Han administrerte ei stor diakonal/sosial verksemd; kyrkja tok anvar for sine fattige og sjuke. Då han blei spurd av forfylgjarane om å kome fram med dei kyrkjelege skattane (diakonane hadde ofte forvaltingsoppgåver), presenterte han dei for dei fattige. -Dette er våre skattar, sa han.

«Den daglege hjelpetenesta..» (v 1).

Dette er omsettjinga av det greske ordet i teksten: den daglege diakonien. Dikakoni var i ur- og oldkyrkja ein konkret og institusjonalisert del av den kyrkjelege verksemda, eller rettare: av det kyrkjeleg livet . Mykje av den moderne velferdsstaten er ei sekularisert vidareføring – for ikkje å seie overtaking – av dette. Diakonane forvalta denne tenesta og dei økonomiske midlane som trongst. Samstundes var det ei åndelege teneste, og diakonane kunne forkynne, som diakonen Filip som vi òg les om her. Den liturgiske tenesta deira vaks fram frå den nære tilknytinga til den lokale biskopen. Diakonen gjekk biskopen (seinare også den presiderande presten) til hande ved altaret under feiringa av evkaristien/messa. Tradisjonelt kan diakonar døype, forrette ekteskapsvigsel og gravferder, syngje evangeliet i messa, preike og gå med sjukekommunionen.  Diakonane vart vigsla med bøn og handpåleggjing (ordinasjon, 6,6) og dei skulle vere «fylte av Ande og visdom» (6,3).

Alt dette syner at det sosiale, det liturgiske, det sakramentale og det karismatiske livet i kyrkja er ein einskap.

Reklame

0 Svar to “officium: den hl Laurentius, martyr, Apgj 6,1-8; 8,1+4-8 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: