I dag er det festen (for alle dominikanarar: høgtida) for den hl Dominikus, grunnleggjar av Preikebror-ordenen (i 1217), Ordo Fratrum Prædicatorum (OP). Kombinasjonen av studiar, kontemplativ bøn, liturgisk bøn og asketisk liv, med forkynning og formidling som samlande målsetjing – alt dette gjev det dominikanske livet både historisk forankring og aktualitet. Ei livsform for vår tid. Høgmesse her i kloster kyrkja kl 1830 med etterfylgjande vesper. Vi får vitjing av unge som skal ta del på dei katolske verdsungdomsdagane i Madrid neste vike, og den unge fransiskanarbroren, brHallvard, skal gjere teneste som diakon. Vår eigen studentbror -basert i Oxford dette året – br Haavar Simon, blir òg med…
«Eg hadde fastsett at eg ikkje ville vita av noko anna hos dykk enn Jesus Kristus og han krossfest» (v 2)
Kvifor insisterer Paulus på dette? Fordi det var sjølve Guds mysterium – at Gud frelser verda gjennom å gje sitt eige liv i Jesus Kristus – som skulle stå i sentrum og apellere til dei som høyrde bodskapen. Denne Guds visdom, Guds «filosofi», synes som dårskap for mennesket, og denne Guds kraft synes som veikskap. Difor ville ikkje Paulus imponere med sin lærdom eller med sin menneskelege styrke, endå han hadde begge deler. Han våga å vise sin veikskap, «veik, redd og skjelvande…» (v 5).
Apostelen hadde lært av sin Herre at den som elskar, må våge å vere veik. Då blir han sterk.
»
0 Responses to “officium: st dominikus, 1 kor 2,1-16 (matutin)”