31
Jul
11

homiletica: 18. sundag i det allmenne året, St dominikus krk, Matt 14, 13-21

Kjære brør og systre!

I dagens evangelium ser vi Jesus i ferd med å utøve sin messianske misjon. Messias er Den gode hyrdingen, ja, han er Gud sjølv som kjem som hyrding for sin hjord, sitt folk – i staden for alle dei utrue og duglause hyrdingane og leiarane. Kong David, som er urbiletet på Guds Messias, var jo sjølv ein gjetargut då han blei utvald av Gud ved profeten Samuel til å bli Israels konge og hyrding.

Jesus er ute i marka, i utmarka, så å seie, og store skarer fylgde han. Dei som kjende hyrdingens røyst; som kjende at det var Gud som tala og handla i denne personen, i Jesus; som kjende at Gud ville dei vel og ville ta seg av dei. Det var sjuke, forsømde, fattige menneske, sikkert mange nysgjerrige, også. Dei var forsømde, både åndeleg og materielt.

Det er dette som vekkjer Jesu medynk, som er Guds eigen medynk. Han blei grepet av hjertens medynk då han såg dei, står det. Og han gir seg til å lege dei sjuke. Og så sørger han for at dei får mat. Vi veit også at han tala til dei og underviste folket. Dette var ei  konkret hjelp, der og då, men alt det Jesus sa og gjorde, var samtidig teikn, teikn på Guds frelsesverk. Vi ser det i glimt, i situasjonar i evangeliet – ein dag skal lege alle sjukdomar, stille all hunger, i Guds evige og endelege rike.

Det er Jesu misjon vi er vitne til og får del i kvar gong vi feirar den heilage messa. Ja, hendingane ute i den judeiske ørkenen, eller utmarka, er samanfatta i evkaristifeiringa, i messa:

Jesus talar til oss og underviser oss i Ordets liturgi. Ja, brødet som vert delt ut til folket, er også eit teikn på Ordet, for i Johannes-versjonen av forteljinga seier han: Arbeid ikkje for den føda som tek ende, men for den føda som varer og gjev evig liv. Ein atterklang av orda til Israel som vart metta av manna på si ørkenvadring: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.

Det store, underfulle måltidet er som ein stor evkaristi. Akkurat som i nattverdfeiringa tek Jesus brødet og dei framborne gåvene, og med blikket løftet mot himmelen, framsa han velsignelsen, det vil seie: Framsa han den stor takkebøna, ei evkaristisk bøn, slik det alltid vart gjort i den jødiske måltidsliturgien. I den romerske kanon, i vår nattverdbøn, høyrer vi ekkoet av dette:

Dagen før han led, tok han brødet i sine hellige og ærverdige hender, løftet sine øyne mot himmelen til deg, Gud, sin allmektige  Fader, takket og velsignet, brøt brødet, gav det til sine disipler og sa: Ta og et alle derav

Og offertoriet, framberinga av gåvene, er også med. Disiplane tok av det dei hadde, sine jordiske middel, fem brød og to små fiskar, og Jesus seier: Bring det hit til meg. Innsamlinga i messa er ikkje utidig pengemas – det er ei borgarleggjort oppfatning av det heile – men ei liturgisk handling, eit takkoffer. Ved å gje av vårt eige tilbake til Gud, med takk, sannar vi at vi mottek alt av han.

Brør og systre! Det er på denne bakgrunnen vi forstår at brødet og fiskane tidleg, den kristne ikonografien, blir eit bilete, eit symbol, eit teikn, på Evakaristien, på Nattverden. Jesus sjølv er Brødet, Livsens brød, brødet som kjem ned frå himmelen og gir verda liv. Han er Fisken, ichtus, det greske ordet for ”fisk” der intialane tyder: Jesus Kristus, Guds Son, vår Frelsar.

Brør og systre! I den heilage messa møter vi Guds miskunn, Guds medynk med oss, for heile vårt liv: åndeleg, fysisk, sosialt. Han vil gjenopprette og fornye vårt liv, han vil stille vår lengt, han vil gje oss framtid og von.  Det er slik vi alltid skal kome til messa: med vår naud, vårt behov, vår lengt. -Herre, hjelp meg, Herre, lær meg, Herre, frels meg, Herre, høyr mine bøner! Det var slik folket kom til Jesus Messias, til Den gode hyrdingen. Dei sette all si  von til han. Ja, Gud sjølv seier til oss i dag, som vi høyrde i den fyrste lesnaden:

Hvorfor bruker dere penger til det som ikke er brød, og lønnen deres til slikt som ikke metter? Hør, ja, bare hør på meg, så skal dere få spise det som godt er… Vend øret til og hør på  meg, hør, så skal dere få leve!

Og så er det ei verd der ute, ja, midt i blant oss, som treng at vi formidlar Guds medynk, Guds miskunn, Guds eigen lengt etter alle menneske. Vi har ein misjon, vi har ord å gå med, vi har fiskar og brød å bere fram, vi har bøner å be; ja, det er eit enormt behov for forbøn for verda, for alt det menneska rundt oss strevar med og slit med i eit ofte vanskeleg, komplisert og fortvila liv. Menneske med eit evig verd og ei udøyeleg sjel!  Og vi blir bønhøyrde dersom vi bed med noko av Guds eigen, verkelege medynk, ikkje nedlatande, men med eit hjarte fullt av ømleik for menneska og det menneskelege samfunnet. Kalde bøner går rett i golvet, vi må be med av heile vårt hjarte.

Gledene, lengslene, sorgen og angsten til menneska i desse tider, særleg dei fattige og lidande, er også gledene, lengslene, sorga og angsten til Kristi disiplar”, seier Det Andre Vatikankonsil i dokumentet ’Gaudium et spes’ (Glede og von), og det er ikkje noko som er sant menneskeleg  som ikkje gjev gjenklang i deira hjarte. Det vil seie i våre.

Aldri burde det vere så sant som akkurat no.


0 Responses to “homiletica: 18. sundag i det allmenne året, St dominikus krk, Matt 14, 13-21”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: