28
Jul
11

carpe diem: siste runde, Oslo neste

Ned langs Mjøsa no,  mjuk kveldssol. På veg til Oslo med ekspressbussen frå Sunnmøre. Entra på Stranda tidleg i ettermiddag. Stryn, Grotli, Lom, Otta og nedover dalen. Sykkelen ligg i bagasjerommet.

I går fekk eg meg ein avsluttande topp-tur, ein av dei turane eg har gått mange gonger, køyre safe den siste feriedagen. Frå Fjørstad i Stranda-dalen, opp til Fremste Blåhornet  (ca 1500 moh), ned på andre sida, via Vasset  mot  Opshaug, ein gamal og vakker gard like ved innløpet til Sunnylvsfjorden.  Her er endå tufta synleg etter dn fyrste kyrkja i bygda; ei høgendeskyrkje frå tidleg kristen tid (100o-talet). Kristendomen er gamal her vest.

Etter dagar med regn, måtte eg nøyte meg når det blei godvêr. Nokre skoddeflak dansa og dreiv opp dalane og rundt toppane, men sola sigra. Las Laudes oppi eit stykke og denne salmen stod der i går:

«Herre, til himmelen når di miskunn, til skyene din truskap. Di rettferd er som mektige fjell, som det store havdjup er dine  domar» (Sal 36,6) 

Det er summen av ferien min, på ein måte.

På slutten av sykkelturen, tysdag førre vike, kom eg  til Nordøyane, arkipelet nord for Ålesund, i skipsleia mellom Ålesund og Molde. Øyane i Haram. Haram er både ein kommune – som omfattar også ein del av fastlandet innanfor – eit prestegjeld og ein «gard», eller ei grend.  «Garden» omfattar her, og på Sunnmøre og oftast på Vestlandet elles, fleire bruk. Før den store utskiftinga midt på 1800-talet, låg husa samla i eit klyngetun, nærast ein landsby, med våningshus («stova»), låvar og løer, stabbur, eldhus, torvsjåar, smalefjøsar (fjøs for småfeet/ sauene/ smalen)og kva det elles kunne vere. På Haram låg det ei lang rekkje med store naust nedanfor garden, i ein krans ved den opne bukta, med lange, opplødde støer framfor kvart naust. Før moloen kom, var det dårleg med naturhamner på desse øyane, storhavet står  rett inn mot kysten av breie, lange strandflater, gode for oppdyrking og jordbruk.

I nedste hjørnet av Harams-garden låg stavkyrkja. Ny kyrkje var bygd i 1838, lenger inne på øya. Heldigvis er den gamle kyrkjestaden og kyrkjegarden godt teken vare på.  Bruket som vi kjem frå, heiter Anfinn-garden og vart ikkje flytt ut ved utskiftinga. Det ligg midt i den gamle kyrkjebyen. Vanleg på desse kantar å namngje  bruka etter det namnet som har vore det dominerande gjennom nokre generasjonar.

Vitja også her slekt og vener – takkar særleg Kollbjørn og Ingunn Hellevik på Longva – og sat lange stunder anten i den opne naustdøra i ly for vinden, eller i berghylla ute på Kvernholmen/Ulla fyr, eller på den store steinblokka i Harams-utmarka, lengst i vest, i flomålet:, Berget hass Anfinn – oppkalla etter ein husmann som fekk slå den vesle flata oppå steinen.

Sundag drog eg med Kollbjørn og Ingunn inn til Vår Frue kyrkje i Ålesund og hadde messa og preika  der. Fekk bilskyss til ferja på Magerholm, og sykla så dei siste treogeihalv mila frå Ørsneset i Sykkylven, opp Velledalen, over Strandafjellert og ned.  Og no sit eg her. Det var det.

PS Skal tale på Olsok-høgtid i Sarpsborg (gamal Olavs-by) i morgon, har høgmessa i St Dominikus sundag, er med på Olavsdagane i Trondhein måndag/tysdag. Oslo igjen deretter.

Reklame

1 Tilbakemelding to “carpe diem: siste runde, Oslo neste”


  1. 1 Herman
    juli 29, 2011 ved 3:22 am

    Jeg ønsker deg en god Olsok-feiring i dag, broder Arnfinn!

    I dag vant St. Olav slaget på Stiklestad ved sin død, og i århundrene som fulgte blomstret Norge helt frem til svartedøden. Det var ekte kristendom og ikke svart middelalder her i landet. Det siste er nødt til å være en myte og en historisk regnefeil.

    For hva var vel 19-hundretallet med modernismen til sammenligning? Noen lyspunkter: medisinsk forskning, heving av levealderen og teknologisk utvinning. Men: to verdenskriger, nærmest uendelig tap av menneskeliv, kald krig, nazisme, fascisme, kommunisme og samtidige store økonomiske kriser, et løgnens århundre. I kursiv.

    Solen skinte nok pent i middelalderen også.

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: