21
Jul
11

officium: torsdag, vike 16 i det allmenne året, 2 kor 4,5-18 (matutin)

» Vi har ikkje det synlege for auga, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig» (v 18)

Tilsynelatande var livet til apostelen og hans medarbeidarar tragisk og nederlagsdømd. Men dei visste, ved trua, at den djupaste røyndomen var ein annan. Det nye livet, rettferda og kjærleiken kunne ingen ytre motgang ta frå dei. Gleda var forankra i det «indre menneske» sjølv om «det ytre» vart nedbrote.

I vår kultur reknar ein berre med dette livet, den eine dimensjonen. Vi tenkjer heilt motsett av både apostlane og den antikke filosofien. For oss er «det synlege» det verkelege, «det usynlege» er illusjonar, ynskjetenkjing og overtru. Medan det eigentleg er omvendt: Det synlege er sårbart og forgjengeleg. Det er ikkje uverkeleg, for det er skapt av Gud;  det er Gud som held det oppe og som gjev det røyndom. Den synlege verda er ein avglans av den usynlege.

«Himmel og jord skal forgå», seier Jesus, «men mine ord skal aldri forgå» (Matt 24,34).


1 Response to “officium: torsdag, vike 16 i det allmenne året, 2 kor 4,5-18 (matutin)”


  1. 1 MT
    juli 21, 2011 ved 11:27 am

    Tankane du formidlar er tankar som har rørt seg i meg nokre dagar. På kjøleskapsdøra mi har eg eit utklipp,antakleg frå ei andakt i Vårt Land som lyder slik,-
    «Det viktigste i verden har alltid vært usynlig:
    Kjærlighet. Gud. Selve livet. Betyr det at kjærlighet ikke finnes? At Gud ikke finnes? At livet er en illusjon?
    Nei. Det usynlige er dypt virkelig.
    En dag skal vi se det og skjønne det fullt og helt.
    «Nå ser vi i et speil,i en gåte,da skal vi se ansikt til ansikt. Nå forstår jeg stykkevis,da skal jeg erkjenne fullt ut,slik Gud kjenner meg fullt ut»(1 Kor 13,12) Gud værelovet. Halleluja! «


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: