15
Jul
11

carpe diem: dbs-tur II: Åndalsnes, Aukra

Det er ljos, sein sommarkveld. Eg kom til Aukra seint i ettermiddag etter ein roleg dag og kort distanse på sykkelen.  I går kveld og i natt var eg gjest i familien Hegles hus på Åndalsnes; der Ida og Jo og hans kjæraset Maria er på nokre dagars sommartur, elles bur dei i Oslo. Nære og gode vener. Veldig hyggjeleg å vitje dei i deira romsdalske base. Lang prat utover kvelden. Rett etter frukost tok eg lokalbussen ut til Vågstranda for å sleppe unna dei lange, mørke og eksosfylte tunnelane frå Åndalsnes og utover. Skodda, som også i natt seig inn, letta og alt var godvêr og trivsel. På Vikebukt rasta eg for å vente på snøggbåten over til Molde. Inn på Coop-butikken rett ovanfor kaia for å kjøpe ei flaske Cola og nokre frimerke til postkorta, og så slo eg meg ned på benkene utanfor i solveggen til båten kom. Perfekt.

Raskt over Moldefjorden til rosebyen, ein kaffikopp på Narvesen og gårsdagens «Klassekampen»  – skulle ha tak i ein spesiell kronikk der (av Eskil Skjeldal, om Savonarola). Solvarmt og nydeleg utover mot Kringstad og Julsundet, til ferjeleiet på Hollingsholmen.  Trebord- og benk, sjøen rett nedfor, vakkert landskap rundt deg. My way.

På Aukra bur Peder og Ingri Nedrelid, gamle vener frå skule- og studietid og hos dei er eg no. I vener speglar ein alltid noko av seg sjølv når ein møter dei. På denne turen skjønar eg at eg eigentleg er litt på jakt etter kven eg no er, eller er blitt. Kjernen i eige liv.  Vi får sjå. I morgon skal eg sykle i havkanten.

Reklame

4 Svar to “carpe diem: dbs-tur II: Åndalsnes, Aukra”


  1. 1 MT
    juli 18, 2011 ved 9:42 am

    «Ansiktet ditt,gjenspeglar mitt,I møte med deg blir eg til meg»,fritt etter Bjørn Eidsvåg.

    I møte med menneske og naturen,stille og storm,seg sjølv i det store,mektige,får ein kjenne på kven ein sjølv er,om ein lyttar.Så tenkjer eg at ein skal vere mild med den ein møter her/der innanfor det ytre.

    Innlegga dine her frå reisa i den vakre landsdelen er malande og beskrivande. God tur vidare i møte med deg sjølv og andre.
    Marieklem

  2. 2 Camilla
    juli 18, 2011 ved 7:14 pm

    Dramatiske fjell,
    ville fossefall,
    klukker og ler litt i svingene,
    hurtig som vinden,
    Der alt er naturen,
    og naturen er menneskene:
    Hvordan kan Sunnmøringen bli noe annet?

  3. 4 Bodil
    juli 20, 2011 ved 9:01 pm

    «På denne turen skjønar eg at eg eigentleg er litt på jakt etter kven eg no er, eller er blitt. Kjernen i eige liv,» skriver du. Et meget viktig spørsmål, som det er få som tør å ta opp i fullt alvor. Lykke til. Vi er mange som følger deg og har stor glede av det du skriver og taler.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: