14
Jul
11

carpe diem: DBS»-tur I: Valldalen og Trollstigen, til Åndalsnes

Det var klår himmel og ljosblå sommarnatt då eg køya i går. I dag tidleg hadde havskodda trengt heilt inn i dei inste fjordane og dalane her.  Hadde tenkt meg godvêr over Trollstigen. – Og det blei det!  Pakka og klar med DBS tur-racaren trilla eg ned til ferja, og før eg var komen opp bakkane frå Gravaneset/Liabygda, vis avis Stranda, inn forbi Overå og Linge og tl Valldal, rivna skoddelaget for sola si overmakt og himlen blei blå som aldri før! Kort rast i Valldal, så ein times trakk fram gjennom den vakre, storslåtte dalen, litt lenger rast ved Gudbrandsjuvet og så eit langt, seigt trekk gjennom Heggura, forbi Grønning og Grønningsæter, gjennom tunet på den øvste garden, Langdal og opp, opp mot sjølve Trollstig-platået. Labba opp dei siste, bratte kilometrane og så er dei unnabakke ned til kanten.

Her var det ny rast, sit her i skrivande stund (får nok ikkje lagt dette ut på bloggen før i kveld) og nyt den steikande sola. Masse turistar, sjølsagt.

Las Laudes i Valldal og i den fyrste salmen stod det: «Stig opp på høge fjellet, du Sions gledebod!» (Jes 40,9).  Ein ber med seg kallet sitt overalt. I dag får eg sjå det i fjellperspektiv. Høgd og utsyn skal det vere, den glade bodskapen opnar horisontane. Forkynnaren sjølv må kome seg opp av dalane, pessimsmen og negativiteten. Jesajaboka, og profeten som talar der, veit at bodskapen er eit gledbod, eit ev-angelion.  Over alt skal det ropast ut: «Sjå der er dykkar Gud!»(v 9b).

Det er det vi skal seie til dette landet no.

Klokka 1630 tok eg av frå toppen av Trollstigen og bana meg veg ned serpentinsvingane mellom tyske bobilar og enorme turistbussar. Så barst det ned  gjennom Isterdalen, langs elva Istra. Opp ragar himmelstormande Bispen og Droninga og Kongen;  blåsvart berg med solstrima luft øvst, myrk skugge ned mot dalbotnen.  Så opnar Romsdalen seg, med mjuke kornåkrar i botnen, Rauma flytande stille og brei siste etappe mot fjorden, kolossale Romsdalshorn ruvande bak. Det romsdalske natur- og kulturlandskapet er dristig kombinasjon av austlandsk breidde og vestlandsk høgde og trollskap,

Kaffi på Narvesen ved stasjonen. Puste på.  No er eg hos kjentfolk her til i morgon.

Reklame

2 Svar to “carpe diem: DBS»-tur I: Valldalen og Trollstigen, til Åndalsnes”


  1. 1 Irene
    juli 15, 2011 ved 2:34 pm

    Når jeg leser «reiseskildringene» dine så tenker jeg at her aer det bare å komme seg ut på tur. 🙂 Alt godt og Guds fred og glede 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: