På ein tur med bil, frå Stranda og ut i øyane, med mor mi, litt ferieservice. Regntjukt og surt i går, bortsett frå synst i Vanylven, på Fiskå. Her på Runde har vi overnatta på Runde Miljøsenter; stilig, ny-enkel arkitetktur som ligg fint i terrenget. Og terrenget vender rett til havs. Det klårnar opp no, og nordover ser eg Godøya og øyane i Haram, inn- og austover Breisundet, forbi Flø på Hareidlandet, stikk Sukkertoppen i Ålesund opp.
Sommar-nordvesten er frisk og det bryt lett over skjer og strender. Ikkje den franske Riviera, akkurat. Det er difor eg er her. Her har eg det fint. Tilbake til Stranda i dag. I morgon tek eg ein litt lengre sykkeltur; Trollstigen, Åndalsnes, Molde og så til havs igjen, langs Hustadvika. Meir om det.
Trivelig å lese om ferien din. Mens du er på Vestlandet: Det er diskusjon for tiden i Vårt Land om DnKs prestemangel på Vestlandet. Jeg skriver en kommentar om det i min blogg og hyller den katolske kirkes teologi i så måte:
http://kirkeverten.blogspot.com/2011/07/sekulr-tidsalder-og-skurrende-lutherdom.html
Håper du legger ut noen beskrivelser fra sykkelturen! Dine reiseskildringer er fabelaktig gode!!