30
Jun
11

carpe diem: grønt og vått…

…er det på desse kantar, på Sunnmøre, for tida. Det ser ut som om flaumen kom til Vestlandet i denne runden. Nokre dagar har det vore nesten slik Garborg skildrar Jæren: «Så sveiper landet seg i regn og skodd, som i ein duk, og det regner og regner til landet fløymer» (Fred).  Men no lettar det.  Eigentleg har det vore bra med eit par, tre dagar ved basen, før eg kan springe til fjells. Fint å lese, jobbe med skriving og ta det med ro. No sit eg på verandaen i huset der mor mi bur, nokså høgt i bygda her (Stranda), med utsyn innover fjordane, mot Liabygda og bygdene i Norddal, inn mot Tafjord. Mot sør tek Sunnylvsfjorden av, den som har Geirangerfjorden som ein arm mot aust litt lenger inne. Vestover ligg toppane i Sunnmørsalpane, endå med nokre fonner og snøflekker som lyser mot det svarte og grøne. For grønt er det elles, tjukke lier av bjørk og anna lauvskog. Det fossar elvar overalt. Sommaren går sin gang og det er sol i vente. Det blir ein bytur i morgon, og i helga skal eg sykle nokre mil. Seinare drar eg ut i øyane, til Haram. God willing.


1 Response to “carpe diem: grønt og vått…”


  1. 1 Herman
    juni 30, 2011 ved 8:57 am

    Fortsatt god tur!

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: