29
Jun
11

officium: Peter og Paulus

Kyrkja har i dag feira apostelfyrstane, Peter og Paulus. Dei høyrer saman. Også Roma er byen for begge apostlane, ikkje berre Peter. Peter – klippa. Paulus – apostelen for folkeslaga. Er det i det heile historiske personar som har hatt større innverknad på verda og historia enn desse to, menneskeleg tala? Frå flokken av dei fyrste apostlane har kyrkja spreidd seg, gjennom tidene, gjennom nasjonane. Trass i stadige spådomar om at no  er ho ferdig.

Begge «møtte veggen». Peter då hanen gol. Paulus då han blei slått til jorda og blinda på vegen til Damaskus. Begge møtte Herren og seg sjølve: «Herre, du veit alt; du veit at eg held av deg». «For meg er livet Kristus og døden ei vinning». Dei blei ribba for alt – men Gud ville likevel bruke deira iver, deira brennhug, deira personlegdom, deitra evner. Men overgjeve til han og forvandla av han. Også deira veikskap og nederlag. Paulus fekk helsinga: «Min nåde er nok for deg».

Vi er deira brør, deira søner og døtre i trua, vi er med i den veldige og grensesprengjande rørsla dei fekk vere reidskapar for: Kristi  kyrkje. Peterstenesta er betrudd til Romas biskop, i teneste for einskapen og sanninga i kyrkja; ja, ein apostel og evangelist for heile verda. Alle kristne må vere apostoliske; i  det ligg basisen for vår tru og i det ligg vårt kall og det som skulle vere sjølve lidenskapen, «karrieren»/løpet,  i livet vårt, slik at vi ein dag kan seie med Paulus: «Eg har stridt den gode striden, fullført løpet  og halde fast på trua. Så ligg då rettferdskransen ferdig til meg».  Alt anna falmar.

«Mens verdensriker stiger og de synker/går kirken mot fullkommenhetens vår…»


3 Responses to “officium: Peter og Paulus”


  1. 1 solveig
    juni 29, 2011 ved 9:28 pm

    takk. Lurer imidlertid på, hva legger du i apostolisk? når du skriver «alle kristne må være apostoliske»

    • juni 29, 2011 ved 10:48 pm

      Det er i grunn enkelt. Kyrkja, altså dei truande, er «bygd på apostlane og profetane sin grunnvoll»; deira vitnemål om Den oppstadne, hans ord, hans instifingar, hans oppdrag; vi lever i kontinuiteten (suksjesjonen) med dei, i den kyrkja dei grunnla, eller rettare sagt, som Kristus grunna på dei. Dernest er vi apostlar i tydinga «utsendingar». Ved dåpen og konfirmasjonen vedkjenner vi den katolske og apostoliske trua, vi får del i Kristus, del i hans sending, hans apostolat: «Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk». «Gå difor ut…». Ei kvar messe endar med utsending, dvs med vidareføring, med misjon (som òg tyder utsending): Ite, missa est! Messa er til ende. Gå med fred!
      Så vi er apostoliske, både i «statisk» (grunnvollen) og «dynamisk» (sendinga) forstand.

      Basis, fokus, medvit om å vere sendt til verda, til alle….

      Som det heiter i skulelagssongen: -Gå inn i rekken, gå inn i kampen nå/i dag, når Jesus kaller deg/da svar ham Ja, og gå!

      Katolsk og apostolisk er ei og same sak. Slik det står om kyrkja i Nicenum: -Credo in …… unam, sanctam, catholicam et apostolicam ecclesiam.

      Difor.

  2. 3 Herman
    juni 30, 2011 ved 9:01 am

    Mot og standhaftighet. To dyder, to fremstående apostler. Har i grunnen alltid hatt sansen for de to, men det er bare i den Katolske Kirken de blir ført sammen på den måten du beskriver. I norsk, statskirkelig sammenheng ser vi dem mer som adskilte, den ene håndplukket av Kristus og utvalgt, den andre også utvalgt, men med helt andre sammenhenger i samfunnet enn den første. Mens St Peter er i konkret disippeltjeneste er St Paulus forkynneren som erobrer verden…

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: