27
Jun
11

nota bene: livstolking

Fyrst publisert i Signert, Klassekampen, laurdag 25. juni-11…

Retretten held fram. Ingen er så lite åleine som den som er åleine, skal ein vis mann ha sagt. Når du er eremitt, møter du deg sjølv – der vil seie dine mange ”sjølv”, heile det komplekse mylderet som er eit menneskesinn. I aktiv modus held du kreftene, viljene og røystene i deg på plass. Dei inntek dei vanlege posisjonane, går på det rette båsen, ventar på dirigenten. Du held dei i sjakk. På godt og vont fylgjer vi dei mentale spora og løypene vi stort sett har trakka opp for å fungere, for å nå våre mål.

Når du sjølv, den dominerande røysta i deg,blir stille, stig kakofonien av indre røyster  opp or djupet og hersar med deg.  Ørkenfedrene- og mødrene, dei fyrste munkane og nonnene, visste av røynsle at cella og ørkenen er arenaen til demonane. Før du møter Gud, møter du demonen. Og du møter det stoffet i deg som desse kreftene nærer seg av og apellerer til. Alle apetittane, anten det er mat og sex eller makt og ære melder seg; dei meir forfina freistingane har i tradisjonen blitt rekna for dei fårlegaste, i motsetning til det mange reknar med. Lidenskapar høyrer livet til, det er når dei misser sine proporsjonar og går av skaftet at dei kan bli øydeleggjande for ein sjølv og for andre.

I den roa som våre vanlege rutinar gjev oss, dukkar før eller sidan ”middagsdemonen” opp. Drepande på ein udramatisk måte. Når alt står stille, midt mellom dagens utspurt og innspurt, kjem den tunge tomleiken. Vi flykter inn i overflatisk tidsfordriv, til vi ein vakker dag ikkje kjem lenger og berre overgjev oss og let tomleiken bli vårt livsinnhald.  Det går kreft i sjela.

Som sagt sist, er det mange i  som ikkje finn meining i korkje i ord som  ”guddomleg” eller  ”demonisk”. Dei kan gjerne likevel spegle noko av seg sjølve i denne terminologien. For det dreiar seg om livstolking. Då spørst det nettopp om kva slags nyklar og kategoriar vi nyttar, eller har tilgang til. Tolking krev at ein tek eit steg tilbake. Far min var var kunstmålar, og eg hugsar at han rygga litt og  prøvde å sjå biletet eller skissa i opp-ned versjon. Rutineblikket sløvar dømekrafta, dei måleriske poenga blei borte i trivialitetane. Det er òg eit spørsmål om kva vi ser etter, om kriteria vi dømer etter, om formspråket vi formulerer og representerer røyndomen med. I vårt samfunn har dette tolkande ordforrådet endra seg. Det er naturleg, men vi bør ikkje forkaste termar og tankeformer som  byggjer på lang menneskeleg røynsle. Sosiale og politiske kategoriar er naudsynlege, men ikkje tilstrekkjelege som livstolking. Terapi, kroppsoppleving og velvêre dannar horisonten for mange. Høgre status har kunsten og dei estiske uttrykksformene. Det er ikkje uvanleg at dette blir sett på som den moderne erstatningen for religionen, og det blir òg hevda at idrottskulturen spelar ei liknande rolle.

Gjennomgåande blir det sett som stadig viktigare å forstå heile livet, også dei intellektuelle, psykiske, etiske og esteiske aspekta,  utfrå naturvitskapane . Det ”vitskaplege” fungerer som livssyn og som basis også for vårt personlege liv og har fått ein slags eksistensiell status. Ikkje utan grunn nemner det offentlege integreringsutvalet ”vitskapleg tenkjemåte” som ein kulturell grunnverdi.  Då nærmar ein seg det som går utover allmen kunnskap og respekt for fakta og får konturane av å vere eit omfattande livsyn, ja, ei livstolking.

På mange måtar står populærkulturen og triviallitteraturen nærare det tradisjonelle religiøse og spirituelle språket. Phantasy, fiction, kamp mellom vondt og godt, kjærleik og hat – det er lett å forakte desse formene, men i røynda talar dei om den menneskelege eksitensen slik han alltid har vore opplevd. Vi treng ein symbolikk – symbol tyder det samlande – som hjelper oss til å sjå livet som einskap og syntese. ”Kunst og kultur” blir lett borgarleggjort livstolking, pen og grei for mellomklassens diskré sjarme. Men for grunn for livet.

Retretten og stilla er å sjå seg sjølv i eitt, forpliktande perspektiv. Det handlar om meir enn vakre solnedgangar. Det handlar om å sleppe natta inn på seg. Å våge mørkret.


1 Response to “nota bene: livstolking”


  1. 1 MT
    juni 29, 2011 ved 6:52 am

    Har lest denne nokre gongar,tankevekkande.

    Grunnstemninga i oss tenkjer eg vi bær med oss frå vi er små.Vegen kan vere kronglete og vond for mange og det kan medføre at ein ikkje greier få auge på dirigenten.Retretten og stilla stengjer for morgondagen.Det å våge lyset vert for vanskeleg. Det er òg røyndom for mange.

    Ynskjer deg ein god dag.
    Marieklem


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: