26
Jun
11

carpe diem: nynorske festspel og ferie

I helga har eg vore på Dei nynorske festspela, på Ivar Aasen-akademiet i Ørsta. Innleiing og samtale, saman med Paul Otto Brunstad, om emnet: «Kor død er Gud i litteraturen, på ein skala frå 1 til 10»? Årets festspeldiktar, Bjørn Sortland, hadde ynskt at dette skulle takast opp. Fullt hus i auditoriet (endå det var inngongspenger) og fin dialog.

Vi var innlosjerte på Møre Folehøgskule, og dagen rannn opp med tirande blå himmel over sunnmørsalpane og fjorden. Fin friluftsgudsteneste i amfiet i Ivar Aasen-tunet, med Anders Aschim som predikant, barnekor frå Hjørundfjorden, vakker salmesong – folket her kan syngje! I går kveld fin konsert med ei musikargruppe, nattkonsert med Billi Holliday-repertoar, på nynorsk, og opplesing ved festspeldiktaren; lange pratar i den gamle daglegstova på folkehøgskulen etterpå, med høgtidlege rektorportrett lansg veggene.

Tilbake til Oslo i kveld – og så avsluttar eg permisjonen med ferie på Sunnmøre; reiser med sykkel og sekk på nattbussen i morgon kveld. På plass i Oslo igjen for fullt den 1. august. Alt om Gud vil. På gjenblogg!


3 Responses to “carpe diem: nynorske festspel og ferie”


  1. 1 fjording
    juni 26, 2011 ved 5:55 pm

    Hei, Høyrte på den gode samtalen dykkar, viktige refleksjonar, mykje å tenkje over her..ei fin stund !

    • juni 26, 2011 ved 10:55 pm

      Takk for det! Fint å vere i Ørsta/Volda; eit vake og interessert publikum! Viktig at samtalen om dette emnet held fram lokalt. Bur du i Volda, Ørsta eller ein annan stad?

  2. 3 fjording
    juni 27, 2011 ved 11:55 am

    Hei igjen!
    Eg bur på Nordfjordeid og er leiar i Seljumannamesse-komiteen så no går det i førebuingar til messe, pilegrimsvandring og konsertar i kyrkjene her. St. Hallvard-guttene er med i år. Vi vonar at veret blir lageleg og at det vert ei flott oppleving-ute ved Storhavet!. Forstår at du og ditt fylgje vert med neste år. Ser fram til ei eukemenisk gudsteneste då!. God Sunnmørsferie, ventar på vakre naturskildringar!!
    mvh
    kristbjørg


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: