24
Jun
11

diversa: Nordvegen

Fyrst publisert i Dag og Tid, denne vika…

 

Eg er ein av uteljande mange fleire som har late TVen stå på nesten kontinuerleg dei siste dagane. Eg har reist, virtuelt, med Hurtigruta frå Bergen, og er i dag på veg rundt Nordkapp, ut på nordhavet, på veg mot Kirkenes. Kva er dette? Eit TV-program vi ikkje har sett maken til, fjernsynshistorie, rett og slett.

Forsynet har vilja at eg ikkje er i klosteret, men på ein studieperm og har lånt eit husvere ved kanten av Oslofjorden. Det er TV her, og eg kan nytte tida friare enn dei daglege klosterrutinane tillet. Faktisk sit eg i skrivande stund på ein kaikant, i ly for den friske brisen, men med båtar og sjø rett fram for nasen. Det er noko av løyndomen, trur eg. Eg har alltid likt båtar og kaier, oppvaksen ved kyst og fjord heime på Sunnmøre; ja – eg såg undervegs dei svaberga eg sprang rundt på som gutunge, dei sjøstykka eg rodde færingen på saman med andre gutfantar, holmane der vi for ut sommarnatta og dorga småsei og kroppung, fjellhamrane vi kleiv i og fjelltoppane eg har vore på, øyane eg stammar frå. Og så markene der eg var med i slåtten, no omgjorde til byggefelt med nyrike sunnmørshus, med løa langt inn på land, strittande opp som ein torso frå ei anna verd. Og altså kaiene. I timesvis kunne eg stå å sjå når lastebåtane kom. Det var fascinerannde med sjauen av lossing og lasting, med matrosar, båtsmenn og super-cargoar (dei som har ansvar for lasten og logistikken ombord) og kanskje ein skipper i det fjerne, med lukta av diesel frå kjølevatnet blanda med matos frå byssa. Som ei vitjing frå verda utanfor; ikkje den store verda utanriks, men nettopp frå den lange kysten. Båtane batt meg inn i den lange kjeden som heiter Norskekysten.

Du må vere kystglad og båtglad for å fatte dette programmet fullt ut. Nordmenn har dette i seg. Vesås seier, rett nok, at han har eit ”innlandshjarte”, men eigentleg veit også døler og opplendingar at dei bur i eit land med andletet vendt mot havet. Det er denne gleda over kyst og båt eg kjenner att hos alle som tek mot m/sNordnorge undervegs. Ein slags maritim og kontinuereleg 17.mai: Korps og kor og vinkande menneske med norske flagg i alle variantar, og  kjedekransa ordførarar og lokale kvardagsheltar. For ikkje å snakke om armadaen av småbåtar som eksorterer det store skipet langs leia, ut og inn av hamnene. Skjønt småbåtar; det friska faktisk opp å sjå ei snekke med Saab-diesel mellom alle dei rålekre high speed lystbåtane. Det norske kystfolket er ikkje fattigfolk, tenkjer eg, der eg sit. For meg blir det for mykje båtshow, både som kulturfenomen og som kamerafokus. Det blei for mykje for kapteinen og losen også, trur eg.

Noko magisk og nesten metafysisk er det også med det store skipet som kjem sigande majestetisk inn mot kaia, under musikk og jubel. Som var det sjølve havguden, Neptun, som let seg hylle. Skipet – meistringa av havet, sjølve kaoskrafta. Saman med den store forteljinga om det å kome frå ei stor reise – og dra vidare. Møte og avskil. Hurtigrute er høgtid.

Så kva er dette? Det er rett og slett Noreg, Nord-vegen. Sjølve leia frå sør til nord med tilstøytande land– det er det denne nasjonen e r. Det han blei då isen drog seg tilbake og kysten synte seg. Øygarden, skjergarden, vågane og buktene, og fjordane som fører havblodet i lange arteriar heilt inn hjartet av landet. Å stille opp og helse skipet der det glir nordover, det er, heilt konkret, ei nasjonal mønstring. Hurtigrute er nasjonsbyggjing. Alle som ser programmet, må også leggje merke til at dette landet er folkesett, ikkje ned-sentralisert, at det heile vegen er fullt på høgd som moderne lokalsamfunn.  Vi ser at her vert det skapt verdiar, det er ikkje eit kystmuseum vi siglar gjennom.

Sjølsagt er det eit romantisk program, det har ein draum i seg – og kvifor ikkje? Det høyrer med til livet, også samfunnslivet og kulturen. Heldigvis let ein sjøen, naturen og skipet sjølv sleppe til. Vi vert ikkje underhaldne og prata ihel. Vi slepp for mykje ”Norge rundt”-modus, med evig trekkspeling og budeier som slår kollbøtte. Takk.

Sjølvsagt kunne det vere grunn for å reise langs kysten med eit kritisk blikk og få fram alt som ikkje funkar, og kvifor. Men det får bli på sørtur.


1 Response to “diversa: Nordvegen”


  1. 1 Jon Aalborg
    juni 24, 2011 ved 7:14 pm

    Lat oss vera litt romantiske, då! Takk for at du let oss vera det, og tillet deg sjølv det same. Dette var sjelebot, og samstundes som det (sjølvsagt) var reklame for «Hurtigruten.com» så var det noko som minte oss på kven vi er og kva vi kjem ifrå. Godt, var det. Og i dette Blix-året gjer det godt å minnast dette land, landet Gud oss gav. (Dei kunne ha spandert eit blikk inn på staden han vart fødd, eller kyrkja han aldri preikte i, men la gå.)
    Takk igjen, broder!
    Jon Aa.
    PS: Bilane heiter Saab. Og flya med. Men båtmotorane heiter SABB. 😉


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: