23
Jun
11

nota bene: tru og folkemeining

Fyrst publisert som kronikk i spalten Innsikt, Sunnmørsposten, sist laurdag…

 

Då eg vaks opp, var nesten hundre prosent av det norske folket medlemer av stats- og folkekyrkja. I dag nærmar det seg sytti prosent, med dei store byane i teten og som trendsetjarar. Som regel kjem resten av landet etter. Denne utviklinga ser ein alle stader i der kyrkjene har omfatta heile nasjonen, både på protestantisk og katolsk hald.

Prøver ein å finne ut om medlemene meiner seg å vere truande kristne eller ei, møter ein oftast på ein sterk ambivalens, noko tvetydig. Mange vil ikkje vedstå seg tradisjonell kristen tru slik kyrkja uttrykkjer henne i si trusvedkjenning  og dei deltek sjeldan  i hennar offentlege gudteneste  anna enn ved heilt spesielle høve. Samstundes høyrer ein ofte at folk vil rekne seg som like kristne som dei kyrkjeaktive. På éi og same tid hevdar ein sin rett til å vere med i kyrkja, og sin rett til å ta avstand frå viktige deler av det kyrkja lærer både om tru og livsførsel. Ein seier samstundes ja og nei.

Bak dette kan vi spore ei nokså utbreidd haldning: Kyrkja skal tilpasse seg folkemeininga og dei gjengse oppfatningane i samfunnet. Som eit omkved eller eit ekko høyrer vi stadig at ein ikkje kan basere seg på noko så ”gamalt” som kyrkja si lære, eller på ”gamle” bøker som Bibelen. ”Vi lever trass alt i 2011”, er eit vanleg argument. Med denne historielause tanken meiner ein å ha  avgjort alle saker som har med etikk og tru å gjere. Skulle ein tenkje slik på andre område, ville fundamentale historiske tekster, som t d Grunnlova, misse autoritet for kvart år som går, og innsikter uttrykte i filosofi, kunst og litteratur frå antikken og framover vil måtte ha mindre vekt enn dagens leiarartikkel i Sunnmørsposten. Som om ei sanning blir usann fordi ho er gamal.  Dette heng nok saman  med  eit dårleg og seigliva element i vår kultur.  Vi ser på historie og fortid som noko litt dumt og mindreverdig, folk før i tida kunne umogeleg vere så kloke og flinke som oss. Mellomalderen var ”mørk” og no ser vi alt klårt. Slike klisjéar lever i beste velgåande både  på folkemunne og i massemedia.

Men i større grad har tanken om at kyrkja skal tilpasse seg,  å gjere med det svekka medvitet om at ho er eit sjølvstendig samfunn med eit eige grunnlag for kva ho skal  stå for. Dei protestantiske statskyrkjene blei, slik den historiske utviklinga ville det, nasjonalkyrkjer og så å seie identiske med nasjonen. Religionen blei ein funksjon av staten; fyrst nokså autoritært forstått så lenge staten var verkeleg konfesjonell, kongen einveldig og den øvste autoriteten i kyrkja. I dag er dette utvatna, sjøl om Noreg framleis på papiret er ”evangelisk-luthersk” og kongen stadig er det formelle kyrkjelege overhovudet. No fungerer folkekyrkjene meir som eit serviceapparat, som ein del av den altomfattande omsorgsstaten. Ikkje sjeldan kan ein høyre dette framført som eit seriøst argument: I ei statskyrkje må staten bestemme, og kyrkja har plikt til å bekrefte dei generelle målsetjingane til statsstyret. Noko av det særeigne med den norske kyrkjepolitikken er at ein har valt å ikkje avvikle statskyrkjeordninga; tvert om har ein medvite halde fast på ordninga – for dess sterkare å kunne tilpasse kyrkja til statens og storsamfunnets formål. Ein har eit uttatla og eksplisitt ynskje om å kontrollere kyrkja og eit behov for bruke henne til å stadfeste og legitimere regimet og dets politikk.

Slagordet for dette er ”ei open og inkluderande folkekyrkje”, ei formulering som etterkvart har fått karakter av ei alternativ trusvedkjenning. Kyrkja skal ikkje stille krav til kva hennar medlemer skal tru og meine, alle skal kunne vere med, uansett. Ideen om at eitt trussamfunn  skal omslutte alle i eit pluralistisk samfunn, er, etter mitt syn, både sjølsmotseiande og utdatert, ikkje minst sett i eit større, internasjonalt perspektiv. Ein vil ha ei kyrkje som ikkje lenger skal kunne ha aktiv innflyting utfrå sitt eige trus- og verdigrunnlag, men kunne anvendast som stemningsskapar, som garant for ein slags vag og uforpliktande einskap i det pluralistiske mylderet. Også til pluralismen og det fleirkulturelle stiller ein seg ambivalent. Mangfald er bra – så lenge vi ikkje treng å la oss utfordre av det.

Det er kanskje på tide å spørje for alvor å setje spørjeteikn ved desse haldningane i høve til kyrkja. Kva er det som gjer at  breie lag av opinionen ikkje syner respekt for at ei kyrkje fyrst og fremst er eit trussamfunn? Skal det i det heile vere tale om ei kyrkje, burde det vel ikkje vere merkeleg at ein rekna med at Gud har ein viss autoritet, at ho reknar med ei overnaturleg openberring, tilgjengeleg i dei heilage skriftene, i trusvedkjenningane, i liturgiske og poetiske tekster?  Heilt frå si fyrste tid har kyrkja vore eit verkeleg samfunn med  ei lære og eit etos, med ei felles gudsteneste, sentra kring nattverdfeiringa, med opplæring, dåp og trusvedkjenning som inngangsport, med eit diakonalt og sosialt ansvar for sine medlemer, med ein intellektuell kultur og etterkvart med skular og høgskular, med ein kunstnarisk arv innan song og musikk, billetkunst, arkitektur og  handverk, med rettslege og institusjonelle former.

Aller mest undrar det meg at dei som har leiaransvar i den norske stats- og folkekyrkja, ikkje har større respekt for seg sjølve. Korleis kan ein la seg by å bli disiplinert av ei sekulær statsmakt på område etter område, år etter år? Alle levande institusjonar og fellesskapar har ein viss byrgskap og eit visst medvit på eigne vegner. Det undrar meg vel også at media, ikkje minst dei regionale avisene, ikkje synest å ha særleg forståing for at ei kyrkje er noko anna enn eit folkeparti og ein statsfunkjson.

Kyrkja har alltid vore mest kulturfaktor når ho har levd ut sitt eige liv, i tru og tilbeding, i undervising, misjon og samfunnsansvar. I det lange løp vil ei utvatna kyrkje ikkje vere til noko gagn, korkje for tida eller for æva.  Ved nøyare ettertanke vil truleg fleire innsjå  at det er dette som er ”common sense” og sunt bondevett.

 


20 Responses to “nota bene: tru og folkemeining”


  1. 1 Wenche
    juni 23, 2011 ved 3:38 pm

    Klår bodskap! Takk for hjelp til å setja ord på det! Nok ein gong.

    • juni 23, 2011 ved 9:29 pm

      Takk for det! Skulle gjerne tatt meir opp det med reigionalpressa, dei er verstingar (Fedrelandsvennen, Stvgr. Aftenblad, Haugesunds Avis, BT, Sunnmørsposten, Romsdals Budstikken. Adresseavisa, Nordlys. m fl)), heilt klona. Det må ha med siktet av redaktørar å gjere, not too sofisicated. Ka med eit seminar om «Relgionale media og kyrkja»? Eg kjem.

  2. 3 solveig
    juni 23, 2011 ved 3:56 pm

    statsmakta tok jo over kirka i Norge ved reformasjonen og tvang henne inn i forma den definerte, og i tråd med at staten har endret seg har da også den nasjonale kirka fått/måtte endre seg. Kan man ikke oppfatte denne maktovertakelsen som begynnelsen på utvanningsprosessen? Er sjøl ikke statskirkemedlem (en viktig grunn til utmedlelsen som 18-19 åring var måten protestantisk kristendom ble framstilt på i opposisjon til «fienden» i religions- og konfirmasjonsundervisning – må man konstruere en helts kamp mot en fiende for å gi seg selv mening, i stedet for å fokusere på egen praksis må noe være galt), men deltok på gudstjeneste i en kirke i Trondheim på julaften (orkesteret mitt spilte), og følte gudstjenesten i et utenfra-perspektiv mest som en dramatisering av juleevangeliet. Var nylig på en konferanse der en engelsk arkitekturprofessor snakket om en viktig fransk katedral og understreket sterkt at den estetiske opplevelsen han/vi har som besøker den forsterkes av en følelsen av at «Gud og alle englene og helgenene har dratt», en sorg som blander seg i det vakre. kanskje overført til statskirka, om man føler at om Gud har dratt så kan den brukes til alt? Det viktigste er at seremoniene er vakre? Men jeg håper det ikke er slik for de som er medlemmer der.

    • juni 23, 2011 ved 9:37 pm

      «…må man konstruere en hekts kamp mot en fiende for å gi seg selv mening, istedet for å fokusere på egen praksis..» Nettopp denne kjensla var det som gjorde at eg konverterte.

      Turismen (og kanskje all konserteringa) jagar englene ut or kyrkjehusa. Skravl og borgarleg konsertkultur er anti-angelisk. Og: estetisme er drepande for devosjonen.

  3. 5 Wenche
    juni 24, 2011 ved 10:32 pm

    Ja, eit seminar hadde vore noko. Men kva med kyrkja sine eigne kanalar, kyrkjeblada, som folk faktisk les, i alle fall viss der «står noko»? Kva kan me venta av regionalpressa når kyrkja sjølv ikkje har meir å by på? Berre plukk med deg blad der du kjem og sjå kva dei vel å koma med, til ALLE sine medlemmer.

  4. 6 Anne-Hedvig
    juni 25, 2011 ved 6:12 pm

    Tror ikke hellig musikk jager englene ut av kirken…

  5. juni 25, 2011 ved 6:13 pm

    Samd i det, men skildnaden er at kyrkjeblada er dårlege fordi dei er hjelpalause, medan regionavisne nyttar medviten makt med ein agenda.

    PS Eg er på dei Nynorske Festspela (innleiar/temasamtale), Ørsta /Volda.

  6. 8 Wenche
    juni 25, 2011 ved 7:41 pm

    Kvifor skal kyrkjeblada vera hjelpelause? I ein by som Stavanger t.d., der det både er universitet, t.o.m. med journalistutdanning, Misjonshøgskule, ein bra stor stab på Bispedømekontoret m.m., burde der vera krefter nok. Eg trur det står på medvit, mot og mål.
    Stavanger Aftenblad har elles engasjert Bård Mæland, rektor på Misjonshøgskulen, Rune Mjølhus i Misjonssambandet og pater Pollestad, munk, m.fl. til å skriva om livssyn på tysdagar. Så spørst det korleis dei brukar denne sjansen til å seia viktige ting. Det ser ut for at nokon torer meir enn andre.

    Nynorske festspel – der skulle eg gjerne ha vore! Men for seint å bli minna om det i dag…

    • juni 29, 2011 ved 4:58 pm

      Sorry for litt til og frå i feriemodus her… Kyrkjebalda skal ikkje vere hjslpelause, men i dag er dei heitl «grønnsak» i telogiske og kyrkjelege sprøsmål; kunngjeringar, klipp og ein oftast tannlaus «leiarartikkel» e l. Det lokale stoffet er viktig, «nærstoffet», men redaktøren eller presten burde våge å ta stilling i viktige saker. Grunnen til at eg fokuserer på regionavisene, er den ideologiske maktbruken – og den kompakte uniformiteten i kyrkjesaker. Bra at Stv Aftenbl hyrer spaltistar, og namna du nemner, borgar for litt mangfald, det skal avisa ha. Lovande, vi får sjå om skribentane våger å kommentere eller om det berre blir små kåseri og andaktar.

      • juni 29, 2011 ved 5:01 pm

        Eit av problema med norsk kyrkjestoff er at det anten blir hardware viss det er skandalar e l, men elles «tankefullt» software, slemt eller snilt. Kvifor ikkje sakretta og informativt, rett og slett?

      • 11 Wenche
        juli 6, 2011 ved 7:23 pm

        Eg hadde ei førestelling om at rektoren på misjonshøgskulen ville misjonera, på eit eller anna vis. Det skulle vel vera ei hjartesak, å opna opp for tru. Gjennom refleksjon, kommentar, sidan det er ei regionsavis. Eg synest ikkje sjansen vert nytta særleg godt.

        Sokneråda, som på ulikt vis, kanskje gjennom Fellesråd, er utgjevar av kyrkjeblada, skal fyrst og fremst «vekkja og næra det kristelege livet i soknet». Det er gjennom kyrkjeblada dei når flest kyrkjemedlemmer. Då burde dei nytta blada til nettopp det, vekkja og næra. Men om du blar i eit alminneleg kyrkjeblad, med dette for auga, så er det temmeleg tynt, ja. Kyrkjeblada burde vore ei høgt prioritert sak på alle nivå i kyrkja. Lokalavisene vinn terreng. Det er klart at her er eit potensiale. Berre nokon vil høyra på det øyra.

  7. 12 solveig
    juni 29, 2011 ved 5:14 pm

    digresjon: Nidarosdomen har egen Facebook side. Spennende stoff dukker opp der av og til, utover info om alle konserter, arrangement..

  8. 13 Helge Koch
    juli 6, 2011 ved 10:42 am

    Alle kristne kirker/kirkesamfunn, også det katolske, de kaller seg Guds menighet på jord (ecclesia), men det er feil. Kirkesamfunnene er forskjellige lærepartier (gr. hairesis)

    I kirkene er det alltid en masse kjødelige, ikke «født på ny» mennesker som ikke vil omvende seg, men allikevel ønsker å ha navnet av å være en kristen. De forskjellige kirkene er ikke EN i tanke, tro og lære, men strides i ofte svært ukristelig måte, om hvem som har den rette lære, tydning og tolkning. De kan derfor ikke være den blodkjøpte menighet = «Jesu Legeme» = ecclesia.

    Menigheten er ikke en kirkeorganisasjon,hierarkier med maktkonstellasjoner som er milevis utenfor den mening både Jesus selv, Paulus eller Peter hadde tenkt i sine ord, handlinger og Skriften>Guds Ord. Menigheten er en trosforsamling, gjerne med en hyrde/leder i nærområdene der folk bor, og som består av mennesker som er «født på ny» og hvor alle nådegaver fordelt etter Guds vilje virker til arbeid, vekst,forkynnelse og ekte omsorg. Mennesker i ecclesia som synder grovt, ikke omvender seg vil på grunn av at kirketukten etter Guds vilje blir praktisert, gjøre at de som står imot, forlater forsamlingen.
    Dette er noe helt annet enn den liberalistiske, lave terskel i mange av dagens kirker. Derfor er kirken i velstående Europa og Skandinavia uten den Hellige Ånd’s kraft som vi ser Evangeliet har i land med fattigdom og forfølgelse av kristne. Der skjer vekkelser i store omfang, menighetsplanting, helbredelser og andre kraftgjerninger på utsiden av de gamle, etablerte kirkesamfunnene, der de finnes.

    Statskirken i Norge forkynner lærer som er imot Guds Ord. De er splittet, og et hus som strider mot seg selv, vil falle. Jeg er helt enig i Harams beskrivelse og på en måte en dom over DNK.

    • 14 R
      juli 6, 2011 ved 1:40 pm

      Dette evindelig oppgulpet om VI som er innenfor, vi som har forstått alt..imotsetning til alle de andre som har tatt feil…??? Regner med at du definerer deg selv blant dem som er inne i varmen blant de sanne rettroende… Og dessuten er det ikke din sak å dømme hverken DNK eller andre!

  9. 16 Helge Koch
    juli 7, 2011 ved 4:26 am

    Til deg som anonymt kaller deg R. Jeg beskrev en teori om hva som er menigheten, samenlignet med hvordan de første menighetene var før Romerkirken med sin pave og hieraki oppsto, og hvordan menighetene i dag er mer eller mindre splittet i forskjellige tydninger og tolkninger av Bibelen. Men du angrep meg personlig, og det er den letteste vei når det er noe som treffer litt sårt.
    Jeg er selv medlem i en gammel, etablert frikirke, og selv om jeg har et annet syn på hva som er Jesu menighet (ecclesia) i ordets rette forstand, så forlater jeg ikke mine venner, eller venner i mange andre kirkesamfunn for det. Gud ser til hjertene, ikke om vi kaller oss lutheranere, katolikker, adventister, jødisk Messiansk m.v. Summen av den menighet som skal arve Guds rike er mennesker fra alle slags kirker og trosforsamlinger gjennom alle tider, på tvers av alle disse lærepartiene. Dette er mitt syn etter mye gransking av Skriften, men jeg vil aldri hevde bombastisk og dømmende at dette er den absolutte sannhet, og at alle som har et annet syn går fortapt. Det er den vanlige måten å angripe på ved å slenge ut slike ord mot en som prøver å rokke på den etablerte, og ofte stivnede kirke.
    Når det gjelder DNK, hvis du leste nøye gjennom det Haram skrev, så vil jeg si at konklusjonen absolutt var en døende kirke som er i ferd med å miste kraft og velsignelse til folket. Men, det kan ennå skje et under til tross for de regjerende politikernes egenrådige «kamp» for å avkristne landet vårt, og DNK sin unnlatelse til å «sette foten ned» og si «Nok er nok», – å få revet seg løs fra det statlige regime med sitt populistiske syn på hva kirken burde mene. Et verdslig, sjelelig regime kan ikke ha åndelig innsikt i Guds vilje. Det er umulig , forteller bl.a. apost. Paulus.

    • juli 7, 2011 ved 9:06 am

      Helge: Takk for synspunkt. Eg er sjølsagt ikkje samd med deg i synet på den katolske kyrkja. Det vil nok føre for langt her å gå meir inn på både det historiske perspektivet (at fyrst skulle det berre ha vore slags uformell forsamling, men så kom katolisismen med dogme, sakrament, liturgi og hierarki), eller teologisk (at kyrkja prinsippielt ikkje skal ha dogma, embetsstruktur, liturgi etc..). Men vi er samde i at kyrkjene i den «gamle» verda (Vesten) treng ei djuptgåande fornying – noko som vil måtte inneber ei viss avskaling.

      R: Det er klårt at det frå byrjinga har vore eit «utanfor» og eit «innanfor». Å bli kristen, innber – noko som er tydeleg før kyrkja blei statsreliogion – katekumenat, dåp med forsaking og trusvedkjenning, ein forpliktande praksis som deltaking i gudstenestefeiring og nattverdfellesskap og lojalitet mot den kristne etikken. Kort sagt ein frivuljugt og forpliktande disippelskap. Den kyrkjelege disiplinen – som òg har vore der frå Jesu innstifting av kyrkja – siktar ikkje på å fordøme eller støyte ut alle dei eg sjølv ikkje likar. Disiplinen er der for å oppretthalde kyrkja sin læremessige og etiske integritet. At det alltid vil vere svake og feilande menneske – som eg sjølv – innanfor kyrkja, er ei anna sak; det har det vore heile tida, jfr Paulus» formaningar til kyrkja i Korint. Spørsmålet er kva ein offentleg står for og hevdar som rett, både individuelt og som kyrkje. Kyrkja er open for alle som vil leve i Kristi etterfylgjing, uansett kva livshistorie ein elles måtte ha. Tida då «alle» er med i ei folkekyrkje, uansett om ein er for- eller mot det ho trur og lærer, er ein historisk epoke som er forbi. I dag vil det – igjen – vere opp til den einskilde, i eit fritt val, om ein vil vedkjenne kyrkja si tru eller ikkje. Noko som også inneber at vi må respektere dei som ikkje vedkjenner kristen tru eller gudstru i det heile.

      • 18 R
        juli 7, 2011 ved 9:42 pm

        Takk for innsiktsfull kommentar!

        Åpenhet (lav terskel) og forpliktelse må gå hånd i hånd i kirken! (Ikke enten eller, men både og!) Rendyrker man kun den ene av disse sidene, går det galt..(noe også historien har vist).

  10. juli 7, 2011 ved 8:43 am

    Wenche: Samd i at ein bør oppruste dei lokale kyrkjeblada. Men eg tvilar på om dei har «meiningspotensiale» nok utover å seie at «bygda vår er vakker». Lojaliteten mot det statskyrkejlege regimet set grenser.

    • 20 Wenche
      juli 7, 2011 ved 9:33 am

      Sei nå at me hadde fått fokus på «å vekkja og næra kristeleg liv». Sei at alle redaksjonar har det som mål for innhaldet i bladet. Sei at dei gjer det så konkret som å telja sider, ev. avsnitt med dette for auga. Det ville vel ført til ei drøfting av definisjonen, men det ville og ha ført til betre fokusering – meir målretta innhald, vilje til å gå i djupna. I allefall om t.d. bispedømeråd eller kyrkjerådet, la til rette for drøftingar om mandat, kva skal kyrkjebladet vera, meldingsblad for ein indre krins eller noko meir utoverretta. Kven er målgruppa? Om me på alle nivå hadde hatt dette oppe på kvart møte: Korleis «vekkja og næra»? Då … ville me, med Guds hjelp, fått resultat.

      I undersøkinga Folkekirke 2000 sa nesten 75% at dei alltid, nesten alltid eller av og til les sitt lokale kyrkjeblad. Men berre 8% gjekk til gudsteneste så mykje som ein gong i månaden. Kvifor brukar ikkje kyrkja denne talarstolen for det han er verd?

      Dette skulle me og hatt seminar om!

      Elles: 6.juli hadde Knut Alfsvåg, professor på Misjonshøgskulen, ein svært god og viktig kommentar i Stavanger Aftenblad: Under motpartens lov (tema: Vestens kejrneverdiar). Men hovudsak, framside og fleire dagar med oppfølging har vore at det for fyrste gong har vore forbøn for/velsigning av lesbisk brurapar i Domkyrkja. Konflikten i oppfølginga var at kyrkja vart stengd for ålmenta, inkl pressa og ein prest som ville inn. Det er dette som har fokus frå redaksjonell plass.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: