23
Jun
11

carpe diem: jonsoknatt

Jons-vaka.  Jonsok. Ei magisk natt, ei heilag natt. Eg går ut (frå sommarhuset eg har lånt her på Larkollen), gjennom ein liten granskog, kjem ut der det opnar seg. Lette sommarskyer på smaragdhimlen, det skal ikkje vere midnattsol i sommarnatta her, det skal vere slik, eit nattgrønt ljos.  Alvedisen over åkrane som ligg der, flater av fred. Skogholta med noble eiker og ljose bjørker som flyt saman og gøymer seg  i si skuggeverd.

Det står ei bjørk i vegkanten like ved. Eg går bort og innunder, tett inntil. Legg kinnet mot den never-kvite stammen. Lenge. Hud mot hud.

Så kan du be – og gå heim. Heilage Johannes, Brudgomens ven, be for oss.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: