18
Jun
11

discursus: Åndeleg eller psykisk? Om sjelesorg og åndsmakter

Føredrag halde på Pastor- og  arbeidarmøte for Den evangelisk-lutherske Frikyrkja, Fredtun, Stavern, 9/6 -11. Emnet var oppgitt, i samsvar med tematikken på møtet elles…

Innleiing

Her dreiar det som om meir enn interne sjelesyrgeriske/pastorale spørsmål. Her gjeld det sjølve synet på mennesket. Det handlar om antropologi. Det er eit sentralt teologisk spørsmål med konfesjonelt ulike aksentar. Men det er også eit viktiog tema, reint allment, moralsfilosofisk/kulturelt, samfunnsmesssig og politisk. Og det er kanskje eitt av dei mest forsømde og tabuiserte tema i dagens samfunn. –Kva er eit menneske? All politisk tenkjing og handlig blir å leike blindebukk dersom ein ikkje kan svare på det.

1. Oppgjer med reduksjonismen (menneskesyn, skapingsteologi)

Slik er vi straks midt inne i det som angår sjelesorgen: Synet på mennesket – og oppgjeret med eit reduksjonistisk menneskesyn, ein reduksjonistisk antropologi.

Vi må igjen våge å sjå at menneskets eigenart er metafysisk forankra; uttrykt i termen imago Dei. Mennesket er eit teologalt vesen. Lenge har ein meint at det spesikfikt menneskelege ikkje treng å rekne med det ”åndelege” elelr det ”guddomlege”; rein rasjonalitet har vore sett som tilstrekkjeleg. Dette er sjølsagt arven frå Opplysingstida. No blir også dette utfordra; seriøs hedonisme er på veg som ein ny trend i akademia (innan filosofi/moralfilosiofi): (legg inn sitat). Ikkje altruisme, men hedonisme. Nokre fører det endå lenger; dette er ikkje berre ein innsikt, ein ratio; det er naturalistisk/bilogisk/evolusjonært betinga.  Vi er detereminerte av utviklinga, fridom, val, rett og galt er i beste fall nyttige illusjonar.  Eg er redd for at dette også finst og utbreier seg i ein populistisk variant. Slik tenkjer mange, slik tolkar dei livet sitt.  (Dempa av gamle vanar, rett nok…).

Eg trur vi må våge å seie at ’det åndelege’ faktisk inneber at det finst ein åndeleg røyndom. Filosofane vil kanskje ikkje kome lenger enn i retning av den platonske ”idéen” – og eg syns det er betre enn ingen ting. Slik såg også dei oldkyrkjelege fedrene det. Men dei heva så å seie denne åndlege idéverda opp i det eksplisitt teologale: Gud og den himmelske verda.  Det vi i teologisk tradisjon kallar ”den usynlege verda”.

Her treng vi å utvide vår oppfatning av ”det skapte”. ”Skapning”/”skapingsteologi”/”skapingsplanet” – dette vert ofte berre brukt om den synlege, materielle, fysiske verda (Jfr tanken om at Gud, Faderen har med skapinga å gjere; Sonen ikkje.). I Bibelen og i den kyrkjelege læretradisjonen er skapinga, dvs røyndomen noko som omfattar både den synlege og den usynlege verda (sitat: Nicenum). Vi har på mange måtar mist den usynlege verda, den himmelske verda. Ein reduksjonistisk antropplogi heng saman med ei redukjonistisk oppfatting av røyndomen og av skapinga; ein reduksjonistisk skapingsteologi. Og ei reduksjonistisk teo-logi. Vi har fått eit gudsbilde som er nærast deistisk: Gud som ein fjern autoritet (streng eller mild, alt ettersom), einsam i sin himmel, sin transcendens. Noko som fører til ein autoritær, moralistisk og abstrakt spiritualitet.

Den bibelske verda handlar om ”himmel og jord” der Gud er nær; ”all jorda er full av hans herlegdom”! Og ein himmel der Gud er omgjeven av livsvesen, av serafar, kjerubar, erkenglar og englar, av patriarkar, profetar, apostlar, evangelistar, martyrar, vedkjennarar; av den ”store kvite flokken”, eller som det heiter i Hebrearbrevet:

De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm, 19 med gjallande horn og med ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å få sleppa å høyra meir. 20 For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: «Om så eit dyr kjem innåt fjellet, skal det steinast.» 21 Ja, så gruvekkjande var synet at Moses sa: «Eg er så redd at eg skjelv.» 22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod. (Hebr 12)

Og merk: Denne usynlige verda interagerer med den synlege; dei høyrer saman. Jfr det vi sa om at ‘jorda er full av Guds herlegdom’. Det åndlege er med også på skaparplanet. Logos, Sonen, er den som alt er skapt ved og til, han er Ordet, Skaparordet; Jesus er med i skaparverket også; i naturen,  i kulturen, i historia, i alt som er sant, godt edelt, rosverdig (jfr Fil). Det same gjeld Anden: Du sender din Ande, og liv vert skapt, heile jordflata nyar du opp att (Sal 104,30).

Dette gjeld også mennesket: Det har også som skapning del i Gud, midt I sitt fall og si synd. For synda, fallet, stadfester at mennesket er Imago Dei, fordi det viser vår kall, vårt ansvar, vår “fallhøgde”: M a o: Vi kan berre forstå og møte mennesket –som skapnig og som syndar – ved å forstå det utfrå Gud. Som den hl Augustin seier: “Gud, du har skapt oss til deg og vårt hjarta er uroleg til dess det finn kvile hos deg”. Eigentleg ikkje noko anna enn det Paulus seier i sin tale på Areopagos:

…han som gjev liv og ande, ja, alt til alle. 26 Av eitt menneske har han skapt alle folkeslag, han lét dei busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira. 27 Det gjorde han for at dei skulle søkja Gud, om det kunne lukkast for dei å leita seg fram til han og finna han. Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss. 28 For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: «For vi er hans slekt.»

(Apgj 17).

Vi snakkar tilsvarande reduksjonistisk når vi snakkar om “miljø” og “økologi”. Mennesket lever i ein stor fellesskap med alt some er til. Like isolert og abstrakt som Gud er blitt for oss, har vi også isloert mennesket – som ein autokrat i ei reint materiell og gudsforleten verd; alt er avsjela materie, disenchanted/déchanté. Dette er ikkje bibelsk. I røyndomen, slik Bibelen ser han, står mennesket planta i skapningens midte, med dyra og fuglane, vekstene, vatnet og fjella som også er levande, på sett og vis ; – og på den andre sida den usynlege verda; gudsfolket, englane, dei heilage hos Gud. Mennesket kan forståast – også når vi kjem til sjelesorgen – berre i denne heilskapen, i denne økologien/denne hushaldninga, i dette guddomlege miljøet.

52 Lovet er du, Herre, våre fedres Gud,

        priset og opphøyet i evighet.

        Lovet være ditt herlige og hellige navn,

        høyt lovprist og opphøyet i evighet.

    53 Lovet er du i ditt hellige og herlige tempel,

        høyt lovsunget og æret i evighet.

    54 Lovet er du som troner over kjerubene

        og skuer ned i avgrunnen,

        lovprist og høyt opphøyet i evighet.

    55 Lovet er du på din kongetrone,

        høyt lovsunget og opphøyet i evighet.

    56 Lovet er du i himmelhvelvingen,

        lovsunget og priset i evighet.

    57 Lov Herren, alt han har skapt,

        opphøy og pris ham i evighet.

    58 Lov Herren, du himmel,

        opphøy og pris ham i evighet.

    59 Lov Herren, alle hans engler,

        opphøy og pris ham i evighet.

    60 Lov Herren, alt vann over himmelen,

        opphøy og pris ham i evighet.

    61 Lov Herren, alle hans hærskarer,

        opphøy og pris ham i evighet.

    62 Lov Herren, sol og måne,

        opphøy og pris ham i evighet.

    63 Lov Herren, dere himmelens stjerner,

        opphøy og pris ham i evighet.

    64 Lov Herren, alt regn og dugg,

        opphøy og pris ham i evighet.

    65 Lov Herren, alle vinder,

        opphøy og pris ham i evighet.

    66 Lov Herren, ild og varme,

        opphøy og pris ham i evighet.

    67 Lov Herren, kulde og hete,

        opphøy og pris ham i evighet.

    68 Lov Herren, duggdråper og snøfnugg,

        opphøy og pris ham i evighet.

    69 Lov Herren, dager og netter,

        opphøy og pris ham i evighet.

    70 Lov Herren, lys og mørke,

        opphøy og pris ham i evighet.

    71 Lov Herren, frost og kulde,

        opphøy og pris ham i evighet.

    72 Lov Herren, rim og snø,

        opphøy og pris ham i evighet.

    73 Lov Herren, lyn og skyer,

        opphøy og pris ham i evighet.

    74 Lov Herren, du jord,

        opphøy og pris ham i evighet.

    75 Lov Herren, berg og hauger,

        opphøy og pris ham i evighet.

    76 Lov Herren, alle vekster på jorden,

        opphøy og pris ham i evighet.

    77 Lov Herren, hav og elver,

        opphøy og pris ham i evighet.

    78 Lov Herren, dere kilder,

        opphøy og pris ham i evighet.

    79 Lov Herren, dere store sjødyr

        og alt som det kryr av i vannet,

        opphøy og pris ham i evighet.

    80 Lov Herren, alle himmelens fugler,

        opphøy og pris ham i evighet.

    81 Lov Herren, ville dyr og alle slags fe,

        opphøy og pris ham i evighet.

    82 Lov Herren, alle mennesker,

        opphøy og pris ham i evighet.

    83 Lov Herren, Israel,

        opphøy og pris ham i evighet.

    84 Lov Herren, dere hans prester,

        opphøy og pris ham i evighet.

    85 Lov Herren, dere hans tjenere,

        opphøy og pris ham i evighet.

    86 Lov Herren, alle rettskafne mennesker,

        opphøy og pris ham i evighet.

    87 Lov Herren, dere gudfryktige og ydmyke av hjertet,

        opphøy og pris ham i evighet.

    88 Lov Herren, Hananja, Asarja og Misjael,

        opphøy og pris ham i evighet.

        For han har fridd oss fra dødsriket

        og frelst oss fra dødens vold.

        Han har berget oss fra ovnen med flammende ild,

        berget oss rett ut av ilden.

    89 Pris Herren, for han er god,

        evig varer hans miskunn.

    90 Alle som dyrker Herren,

        lovpris gudenes Gud!

        Lov ham og syng hans pris!

        For evig varer hans miskunn.

2. Mennesket er relasjonelt (kva som omgjev oss, verkar inn på sjelesorgen, den åndlege utviklinga)

Her ser vi at mennesket er relasjonelt. Å drive sjelesorg for mennesket som eit einsamt, isolert fantom, strekk ikkje til, ja, blir direkte feil. Og her – og first her – kjem spørsmålet om dei vonde åndsmaktene, om demonane og demoniet, inn.  Mennesket har med englar å gjere – og med dei falne englane, med Lucifer og hans kompani. Mennesket blir påverka av sine omgjevnader, av sine relasjonar, av sine venskap.  Kva slags krefter er det vi omgjev oss med, slepp inn på oss? Vi burde sjå oss sjølve i eit store perspektiv; sjå oss som plasserte også i den usynlege verda, og sjå andre menneske i det same ljoset.

Vi skal hugse at vi heile tida star i brytinga mellom ljos og myrkre, mellom Satans makt og Gud. Vi må stadig teileigne oss og anvende det some er av Gud mot det vonde og destructive – mot synda, dødsens og djevelens makt. Det er alt det vi har i Kristus og hans frelsesverk; evangeliet, ordet, sakramenta, bøna, nådegåvene, lovsongen… Men også det gode i skaparverket og kulturen, for alt godt kjem frå Gud og har motstandskraft i seg mot demoniet. Og frelsa er jo nettopp ei forløysing og fullkomengjering av skaparverket. Demonane skyr alt som kjem frå Gud, difor er det sjelsorg og lækjedom i det naturlege, alt det som gjev oss kontakt med verda og røyndomen slik Gud har skapt han. Det er ein sicker veg til pervertert og overåndeleg sjelesorg å trylle mennesket inn i ei virtuell liksomverd – det er verkeleg demonenes domene; skuggeverda, oppnedverda, tomleikens verd. Det er ofte bedre – og heilt nødvendig sjelesorg – også i kampen mot dei vonde åndsmaktene å hjelpe mennesket til å gjere dei naturlege tinga: ete, sove, arbeide, har god døgnrytme, få orden på livet, vaske golvet, vaske seg sjølv, ordne opp i tilhøvet til andre – enn å gå rett på med eskorsismar og seansar. Når demonen verkeleg plagar eit menneske, ja kanskje overtek det, då må han konfronterast med dei åndelege middle som Gud har gjeve oss og som kyrkja forvaltar. Men altså: det naturlege og det overnaturlege høyrer saman. “Nåden avskaffar ikkje, men fullendar naturen”, som kjent.

Det er denne store samanhengen i alt Guds verk eg “ikler” meg når eg kvar morgon, for meg sjølv, bed

ST PATRICKS BØN (Irland, 400-talet):

Eg står opp i dag

Ved ei mektig kraft, påkallinga av Den hl Treeininga,

Ved trua på Den Trefaldige,

I vedkjenninga av Den Eine

Av skapningens Skapar

Eg står opp i dag

Ved krafta i Kristi fødsel og hans dåp

Ved krafta i hans krossfesting oig hans gravferd

Ved krafta av hans oppstode og hans himmelferd

Gjennom krafta av hans atterkomst som alles domar

Eg står opp i dag

Gjennom styrken av kjerubars kjærleik

Av englars lydnad

Av erkeenglars teneste

I vona om oppstoda og løna som ventar

Ved patriarkars bøn

Ved apostlars forkynning

Ved vedkjennarane si tru

Ved jomfruene sin reinleik

Ved rettferdige menns dåd

Eg står opp i dag

Ved  himlens kraft,

Ved ljoset av sol,

Stråleglansen av eld

Snøggleiken av lyn

Suset av vind

Ved sjøens djup

Ved jorda sin stabilitet

Ved berg og klippers fastleik

Eg står opp i dag

Ved Guds kraft til å halde meg oppe

Ved Guds makt til å leie meg

Guds auge til å sjå framfor meg

Guds øyre til å høyre meg

Guds ord til å tale for meg

Guds hand til å verje meg

Guds vegar til å opne seg for meg

Guds skjold til å verne meg

Guds hærskarar til å frelse meg

Frå djevelens snarer

Frå freistinga frå lastene

Frå alle som ynskjer meg vondt

Fjernt eller nært

Åleine eller i mengden

Eg samankallar alle desse kreftene og maktene og set dei mellom meg og det vonde

Mot kvar grusam miskunnslaus makt som reiser seg mot min kropp og mi sjel

Mot falske profetars prat

Mot heidendomens mørke lover

Mot heretikarane si falske lære

Mot magi og avgudsdyrking

Mot trollkvinner, avgudssmedar og trollmenn

Mot einkvar kunnskap som korrumperer menneskets kropp og sjel

Kristus verne meg i dag

Mot forgifting, mot forbrenning

Mot drukning, mot hogg og sår

Slik at eg rikeleg kan oppnå mi trus løn

Kristus med meg, Kristus framfor meg, Kristus bak meg,

Kristus i meg, Kristus under meg, Kristus over meg,

Kristus på mi høgre side og på venstre side

Kristus når eg legg meg ned og når eg sit

Kristus i kvart menneske som tenkjr på meg

Kristus i kvar manns munn  som snakkar om meg

Kristus i i kavr auge som ser meg

Kristus i kvart øyre som høyrer meg

Eg står opp i dag

Ved ei mektig kraft, påkallinga av Treeininga

Ved trua på Den Trefaldige

I vedkjenninga av Den Eine

Skaparen av all skapningen.

Menneskets relasjon til åndsmaktene og til den åndelege dimensjonen ved seg sjølv, heng også saman med det etiske, med helginga, guddomleggjeringa. Alt kviler i Guds nåde, i Kristus – men mennesket er kalla til å “arbeide på si frelse med age og otte”; berre den nåden som blir aktivt motteken og brukt, er verkeleg og kan fullende sitt mål I oss. “Begynt er ikke endt, det merk i tide/Du som har Jesus kjent, bli ved å stride (Meir her, om det forensiske som for einsidig; jfr Bonhoeffers bok, omsett av Knut Grønvik: Nachfolge). I den kristne parenesen – sjelesorgen, kunne vi seie – kom læra om dygdene og lastane inn, i samklang med den stoiske etikken (filosofien) (ein var ikkje redd for å bruke noko menneskeleg visdom som svarar til trua; alt godt kjem frå Gud, som sagt). Nettopp fordi det seier noko om det rette livet som meir enn ei oppfylling av ytre plikter; det handlar om ei djup preging av personen, av karakteren; det handlar om ein habitus, om noko habituelt. Det gjeld på det naturlege planet: Mennesket kan velje det gode og avvise det vonde, langt på veg. Men den fulle realiseringa av dette kjem ved nåden; ved Kristus, ved Anden, ved trua.

3. Sjelesorgen og dydsetikken (habitus og helging)

Mennesket er kalla til å tileigne seg dygdene og avvise lidenskapane.

Nettopp fordi vår habitus, vår personlegdom, vår karakter, vår integritet disponerer oss for det vonde eller det gode, dei vonde eller dei gode åndsmaktene; ja for samfunnet med Gud:

Jag etter fred med alle, og etter helging, for utan helging skal ingen sjå Herren. (15 Sjå til at ikkje nokon går bort frå Guds nåde! Lat inga beisk rot få veksa opp og gjera skade så mange blir forgifta. 16 Sjå til at ingen driv hor eller lever gudlaust som Esau, han som selde førstefødselsretten sin for eit einaste måltid mat. 17 De veit at han sidan vart bortvist då han ønskte å få velsigninga. Det var ikkje mogleg å venda om, endå han bad med tårer.) (Hebr 12,14f) Og Jesus seier: Sæle er dei reine av hjarta, for dei skal sjå Gud (Matt  ).

Dydsetikken og den asketiske teologien, slik vi kjenner han frå ørkenfedrene og kyrkjefedrene og heile den monastiske tradisjonen er også ein møteplass for ei åndeleg, teologisk og sjelesyrgerisk tilnærming til mennesket og ei meir psykologisk/psykiatrisk/tereapeutisk. Vi veit at psykiatrien (Freud, Jung oa ) har oppdaga dei djupare skikta i mennesket, kva som er våre drivkrefter, noko som heldigvis har redda oss frå overflatisk, borgarleggjort moralisme. Den kristne tradisjonen kan trygt seie: Tell me something new; vi har lenge visst at mennesket er et mørkt mysterium og arvesynda er i ferd med å bli gjenoppdaga. Læra om “lastene” eller hovudsyndene har teke vare på innsikter som vitskapen så å seie har oppdaga på ein ny mate. Men vel å merke  har den sjelesyrgeriske tradisjonen ikkje løyst drivkreftene våre frå det moralske ansvaret; det handlar ikkje om blinde drifter. Vi har ansvar også for å takle våre myrkaste sider.

Dessutan: Denne sjelesorgtradisjonen, basert på dygdeetíkken, anerkjenenr også dei gode drivkreftene i mennesket.  Gud har lagt ned oss medvit om det gode, det sane, det vakre. Alt skapte han godt I sit id, jamvel æva la han ned I hjarto deira, seir Forkynnaren – med eit ord som blir gjenteke og brukt også i den apostoliske forkynninga. Vi skal ha eit realistisk menneskesyn, men ikkje eit kynisk, deterministisk. Moderne antropologi pendlar jo mellom overoptimisme og djup pessimisme/determinisme. Som truande kan vi halde balansen.

I den kristne sjelesorgen skal vi kunne rekne med menneskets naturlege ansvar, evner og krefter; kort sagt med mennesket, med at vi har med menneske  å gjere, ikkje berre med ein avansert utvikla dyerart. Men vi har også alle dei tilgangane nåden og “nådens hushaldning”, nådens økonomi, gjev oss:  Medvitet om at mennesket må gjennom djup bot og metanoia (sinnsforvandling), evangeliet, ordet, sakramenta, bøna, Andens gåver. Ved trua mottek vi dei messianske gåvene, den messianske åndsutrustinga:

 

Herrens Ande skal kvila over han,

        Anden med visdom og vit,

        Anden med råd og styrke,

        Anden som gjev kunnskap om Herren

        og age for han (Jes 11).

I katolsk og ortodoks samanheng er det dette vi på særleg måte får del i konfirmasjonen/krismeringa, i “åndsdåpen”, kunne vi seie. Eg trur det er viktig at karismane/nådegåvene ikkje berre er tenkt som praktisk/teknisk oppdatering, men at dei hare it etisk, helgande sikte; at heile Kristi lekam skal byggjast opp, bli eitt med hovudet, bli Kristus-lik, bli det nye menneske, ja den nye “menneskeheten”. Det er dette som kjem til uttrykk I sjølve kulminasjonen av Paulus si undervising om nådegåvene. Strev etter dei fremste nådegåvene, seier han, nemleg trua, vona og kjærleiken;  han oppsummerer og seier:  Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken

(1 Kor 13  ).

 

Avslutning

Vi ser at dei åndelege realitetane og termane, i Bibelen og i overleveringa, ikkje er eit isolert, teknisk-karismatisk fagspråk, men er djupt integrert med det moralske, med det menneskelege, med det skapte, med kulturen og det sosiale. Eller for å seie det slik: Med etikken, psykologien og sosiologien.

Apell: Pass opp for manikeisme:

-Absolutt dualisme mellom Gud og Djevel. Det er berre ein Gud, han er opphavet til alt. Ingen demiurg, ingen djevel som er sitt eige “prinsipp”.

-Absolutt dualisme mellom det åndelege og det materielle. Alt kjem frå Gud; vondskapen er ei pervertering av det gode.

Difor vil vi seie: «Lova Herren, mi sjel! Ja,  a l t  som i meg er, love hans heilage namn!» (Sal 103)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


0 Responses to “discursus: Åndeleg eller psykisk? Om sjelesorg og åndsmakter”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: