17
Jun
11

carpe diem: ved Vika

Inn på bloggen av og til no under permen.  Den andre delen av studiepermisjonen skulle eg eigentleg halde til på fjellet inn mot Rondane, opp og inn frå Kvam. Men – som alle har sett – blei det storflaum og dermed uframkomeleg. Så eg er no på Larkollen fram til Jonsok. I dag har det regna (heldigvis langt frå Glomma her), men elles har det vore nydeleg vêr.

Dette er Rygge kommune, med eit kultur-og naturlandskap som er svært vakkert. Opne felt med åker og eng, blandingsskog med gran, fure, bjørk og varmekjær lauvskog, ikkje minst eik. Vakre gardar og tun. Og det lette ljoset over det heile kjem frå Oslofjorden – eller Vika, som eg helst kallar det – som opnar seg breitt ut mot Skagerak. Nokre flate øyar siglar roleg rett ut for kysten her, nesten trelause, grøne av gras, mjuke felt mot horisonten. Dette er ikkje Stadt-havet.

Rygge og landet rundt Vika i det heile er stint av historie; dette er verkeleg viking- og sagaland, og samstundes gamalt kristent land; med mellomalderkyrkjene i Rygge og Råde, og med Verne-kloster (Johanittar-ordenen, ein hospitalorden).

Eg er freista til å falle inn med ei sterk lovprisng til Austlandet. Tenkjer på dei store viddene og toppane i høgfjella,, på dei høgtidlege dalbygdene, staslege Gudbrandsdalen, dei store stille Østerdalane, Mjøs-bygdene eller Ringerike som ligg der og skin, Valdres, Hallingdal, Numedal, og Telemark –  eldgamle og vene. Og så altså det ljosare landet på begge sider av Folda (også eit namn på Oslofjorden).

Alt vel her.

PS I morgon legg eg ut foredraga mine frå Frikyrkja sitt pastor- og arbeidarmøte sist vike.


1 Response to “carpe diem: ved Vika”


  1. 1 Øivind
    juni 17, 2011 ved 9:48 pm

    Ein austfolding takkar for vene ord.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: