08
Jun
11

discursus: tale på årsstemnet for «storfjordens vener», 5. mai 2011

«Storfjordens vener» restaurerer og vedlikeheld, saman med grunneigarane, dei minst femti fråflytte og veglause gardane langs Storfjorden. Stemnet i år var i Matvik, ved innløpet til Geirangerfjorden – tusen menneske samla i strålande junivêr under veldige fjell ved spegelblank fjord…

Kjære vener!

Vi set kvarandre stemne her fordi vil gjerne vil vere med å støtte Storfjordens vener  – eit av dei mest imponerande lokale kulturtiltaka eg veit om. Eg kunne gjerne brukt endå meir tid på å skryte uhemma av det, og det gjer meg endå meir stolt over å vere sunnmøring!

Det er sikkert mange grunnar og motivasjonar for å stå på med dette kulturvernarbeidet.  Eg vil dra fram eit moment som eg trur tél med, og som er viktig, slik eg ser det, i alle fall:  – Det plasserer mennesket i ein stor samanheng; ein samanheng som vi lett gløymer i det nesten overkontrollerte og meistra  tilveret vi til vanleg lever i, i eit samfunn der teknologien har gjort mennesket til suveren herre.  Rett nok opplever vi mennesket si avmakt når vi legg ut i naturen på ”tur” – men det er noko spesielt, eit unntak, ein fritids-syssel. Det er noko anna når vi får ein glimt av korleis det har vore å leve det normale livet, dagleglivet, i dimensjonar der mennesket vert lite og sårbart i møte med –eller skulle vi heller seie samlivet med – ein veldig og voldsam natur. Som her i Matvika.

Vi hugsar kva Bernt Støylen har skrive om dei som hadde levebrødet sitt på havet i open båt: –Sitt levebrød hev på på stormande hav/med berre ei fjøl mellom seg og si grav. Og her, på gardane langs fjordstrendene og på berghyllene, var det ikkje berre levebrødet som gjorde at ein måtte takle naturkreftene, men heile livet: bustad og heim; under veldige fjell og skreder og ved brådjupe fjordar, med gardar så bratte at dei kunne slåast på begge sider, som han sa det; eller så bratte det ikkje eingong nytta med stutt-orv, ein måtte bruke navar! Samanlikna med dei tøffaste plassane, er vel Matvika nærast for eit paradis å rekne, derav namnet reknar eg med. Her var det stridt, men godt å vere.

Eg trur det er dette samspelet som fascinerer oss; dei kolossale dimensjonane i naturen, og det sårbare, utsette mennesket i sitt daglege liv og strev. Mennesket kjem på plass her, vi lærer noko om oss sjølve her. Å leve her, forma  dei som budde og levde her. Eg trur at det ikkje berre var det overveldande i naturen i og for seg som var formande. Naturen tala om mennesket sitt tilhøve til sjølve livet, til  dei store kosmiske perspektiva, til dei lange historiske løpa. Det er noko her som lærte menneska, nesten instinktivt, til å skjøne eller ane at det står store og majestetiske krefter bak livet vårt, bak eksistensen vår. Å leve her, var ikkje berre ei teknisk eller praktisk erfaring, så å seie, men ei metafysisk erfaring. Naturen talar om det overnaturlege, det metafysiske, for den som kan sjå og høyre.  Ikkje utan grunn at eit av dei folkelege namna på Gud er Storemannen. Eller rett og slett ”Han”; han bles i dag, han regnar i dag, han stormar i dag… ”han” – den uendelege, den ufattelege, som vi ikkje ser, men som strålar fram i alt som møter oss og som overveldar oss. Som skrive står:- Det er i han, i Gud, vi lever, rører oss og er til, og han er ikkje langt borte frå nokon av oss (Apgj 17). I eit samfunn der alt er ordna, der pengane kjem ut gjennom veggen berre vi tastar ein kode, er det lett å gløyme det, lett å gløyme ”han”.  Vi er vane med å meistre alt – heilt til naturkreftene brutalt rykkjer oss ut av illusjonane. Åknesrenna [fjellhammaren som truar med å rase ut og lage ei kjempekatastrofe i fjordområda] – vi kan tilsetje så mange ekspertar og ha så mange vareselrutinar vi vil, men vi veit at det aldri er råd å sikre seg heilt, det finst noko som dreg seg unna vår kontroll. Vi må rett og slett leve med det.  Vi skal ikkje uroe oss heile tida, vi skal nettopp leve med det – og likevel: Det er noko med angsten for det større og sterkare enn oss, som er sunt, som vi ikkje skal fortrengje.  Det held oss på plass, det opprettheld respekten for kreftene og livet. Det handlar om ”mennesket og maktene”, som det heiter i romanen av Olav Duun. Maktene finst; det er ikkje mennesket som er allmektig, det er ein annan…

Menneska som levde langs strendene og ved floga og under hamrane her inne i fjorden, hadde respekt for dette.  Dei hadde rett og slett respekt for noko større enn dei sjølve. Ja, dei hadde gudsfrykt – eit omgrep som nesten er blitt eit framandord i dag. I dag trur vi lett at det alltid finst eit eller anna departement eller eit offentleg ombod som kan løyse alle våre problem.  Så å seie over skattsetelen.

Kjære vener; vi har godt av å lyfte blikket og gripe oss i bringa og vite: Vi er mektige, men også avmektige. Det finst  noko som skal respekterast. Folka som levde her og under tilsvarande vilkår, lærte ikkje dette berre av naturen og dei ytre livsvilkåra. Dei hadde også fotfeste og forankring i ei tankegang og ei forteljing som hjalp dei å tolke livet sitt, hjalp dei til å sjå sant på seg sjølve, som hjalp dei å skjøne kva det vil seie å vere menneske, rett og slett. Det som galdt her, var sjølvsagt den kristne trua. Det var ikkje berre naturen som la korta, det var også den åndlege, intellektuelle og moralske kulturen som var overlevert og levd ut gjennom generasjonar.  Enkle kår, var det sikkert her, men ikkje åndsfattige. Eg er sikker på at det i alle hus fanst skrifter, tekster; kanskje ein bibel, men nokså sikkert eit eksemplar av ”vanilja”, av ein postille med lærde og lange preiker fro alle sundagar og helgedagar i året. Sikkert på vanskeleg og stolpete dansk som var slitsamt å lese og gjerne endå meir slitsamt å høyre på. Men kven har sagt at alt skal vere enkelt og alltid underhaldande? Vi skal ikkje undervurder innsikta eller lærdomen til dei som las og brukte desse heilage skriftene. Det fanst sikkert også ei salmebok, ikkje berre med songar, men også med bøner. Det hadde eit pensum, så å seie; ”alt som skulle vore sunge, som ho sa kjerringa, ho bladde i salmeboka”. Når dei ikkje kom seg til gudsteneste var det faktisk norsk folkesikk å syngje og lese i heimen på heilagdagen. Og var det kyrkjesundag, skulle det langt meir til den gongen enn i dag for å unnlate å dra til Guds hus. Dei klatra og kleiv, dei rodde og sigla, ja kanskje kollsigla, for å kome seg til kyrkja – på Hellesylt, i Geiranger eller på Stranda. Var det altargong, va’ kje det snakk om å ete for dei som skulle til altars. På fastande hjarte la dei ut, i grisotta, og smakte ikkje matbiten før langt på dag.  Her kan ein snakke om ”kristne grunnverdiar” som meir enn ein talemåte, her kan ein snakke om gudsfrykt, om noko som er verkeleg viktig i livet. Og ikkje mindre viktig i døden.

Naturen ikring desse menneska var stor, men også deira indre landskap var stort. Det var noko dei var danna til, noko dei vart adla til, noko dei odla fram, like viktig som bakkane dei slo og båten dei rodde. Også her inne langs strendene opplevde dei det som Blix syng om når han minnest det strie livet på Helgelandskysten; han kjende det på seg og hugsa det, som spor og gjenklang i sjela og kroppen, også når han sat over bøkene inne i Kristiania og skreiv: – I min heim var eg sæl avdi Gud var attved/og eg kjende so vel kor det anga Guds fred//Når til kyrkje me for/når me heime heldt kor/når med moder eg bad! Den fyrste songen – det var heller ikkje her ein GrandPrix-låt; nei, det var ”mor sin song ved vogga”, ”den song som allting heilar”. Som lækjer alle våre sår.

Midt i  strevet og balet, midt ein natur som kunne både lyfte og knuge, hadde menneska her ein åndeleg kultur, ein skriftkultur og ein songkultur. Som gav ramma rundt det heile. Og som opna opp mot den større verda og mot historia. Dei var ikkje provinsielle; ikkje minst den kristne kulturarven, fletta inn i dagleglivet i helg og yrke, gjorde dei til europearar og til verdsborgarar.

Fortida og historia blir så lett eit uforpliktande tablå, ei påminning om noko vi er ferdige med. Men verkeleg historiemedvit, historiesus, også  lokalhistorisk, blir det når vi slepp inn på oss det menneske før har levd og erfart og uttrykt. Historia som ei utfordring, som noko aktuelt.  Verkeleg Storfjordens vener blir vi når vi tek fatt på vedlikehaldet og restaureringa av dei ”indre” husa våre, av det indre romet vårt. No for tida lever lettare, men kanskje ikkje rettare enn dei som levde her. Nettopp på ein slik stad kan vi oppleve noko av det dei opplevde og innsåg, og sikkert sa  med salmisten: –Eg lyfter mine augo til fjella, kvar kjem mi help ifrå? Mi hjelp kjem frå Herren, han som skapte himmel og jord. -Han som skapte Stabben og Matvika, og oss alle, kunne vi leggje til) (Sal 121).

Kjære Storfjordens vener: Matvika – og alle strandgardane og fjellgardane, er levande kulturminne. Måtte dei vedlikehaldast, slik at dei framfor alt vere ei levande kultur-påminning! Då blir det ei verkeleg Matvik!

Han far hev vigsla denne stad/med trugne sveitten sin// Her gjekk han djerv og arbeidsglad/her gjekk ho mor og gret og bad/for barneflokken sin.

Vår eigen heim, vår elsk på jord/me fagnar deg i dag!! Du gamle, slitne trugne mor/hjå deg, hjå deg vårt hjarta gror/til siste andedrag (Anders Hovden: Sunnmøre, v 4 og 5)

Til lukke med stemna, til lukke med arbeidet!

 


3 Responses to “discursus: tale på årsstemnet for «storfjordens vener», 5. mai 2011”


  1. 1 MT
    juni 8, 2011 ved 4:08 pm

    Du formidlar så vakkert det indre og det ytre landskap.
    Når ein kjem innover fjordane til Geiranger med dei 7 systre og den flotte friaren på kvar si side,ser gardar lavt og høgt med blank,stille fjord og med ei sol som skin helsande til alle vert ein gripen av det storslåtte,mektige.Ein kan då undre seg over motet dei hadde tilå bygge og bu,småog store,gjennom alle årstider.Ein kjemsanneleg nært seg sjølv og noko større,mektigare,Han.

    Marieklem.
    Vonar det stadig går bedre med helsa.

  2. 2 Wenche
    juni 14, 2011 ved 9:52 pm

    Du er grei som legg ut talen! Så fleire av oss får gle oss over at nokon seier slikt som dette!

  3. 3 Anne Kristine
    juni 17, 2011 ved 12:29 pm

    Hei og takk for sist, i Frikriken.
    Har leita etter den St Patrik bønnen du leste, finner den ikke. Kan du legge den ut?


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: